Rossbytalet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Rossbytal)

Rossbytalet er eit dimensjonslaust tal som blir brukt for å skildre straum i ei væske. Talet er kalla opp etter Carl-Gustav Arvid Rossby. Vanlegvis blir talet brukt om straumar i havet eller luftstraum i atmosfæren og skildrar forholdet mellom netto akselerasjon i ei væske og coriolisaksellerasjonen som kjem av at Jorda roterer. Talet er òg kjend som Kibeltalet.

Det er definert som:

der U er snøggleiksskala og L er lengdeskala på fenomenet. f = 2 Ω sin φ er corioliskrafta, der Ω er vinkelfart til jordrotasjonen og φ er breiddegrad.

Når rossbytalet er stort (enten fordi f er liten, som i tropane, fordi L er liten eller farten er stor) kan effekten av jordrotasjonen neglisjerast. Når rossbytalet er lite er effekten av jordrotasjonen stor og netto akselerasjonen så pass liten at ein kan bruke geostrofisk tilnærming.