Rossfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rossfjorden skjer seg inn i landet. Malangen lengre ute.

Rossfjorden er ein fjordarm av Malangsfjorden i Senja kommune i Troms. Fjorden strekkjer seg 4,5 km sørvestover til Straumsnes i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Kraknes i nord og Rossfjordneset i sør. Det ligg gardsbruk langs heile lengda av fjorden på begge sider, men dei einaste grendene er Straumsnes og Straumen i botn av fjorden. Rossfjordvatnet som strekkjer seg over 11 km vidare sørover er ein del av det fjord/dal-systemet som Rossfjorden. Den inste, smale delen av fjorden vert kalla Rossfjordstraumen.

Fv265 går langs vestsida av fjorden, medan Fv261 går langs austsida.