Rossfjordstraumen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Rossfjordstraumen sett frå Kistefjellet.
Foto: Per-Ivar Knutsen.

Rossfjordstraumen er ei bygd i Lenvik kommune i Troms, om lag 20 km nordaust for Finnsnes. Bygda, som er sentrum for eit større område rundt Rossfjorden og Rossfjordvatnet, har sin eigen barne- og ungdomsskule, barnehage, fagprøvesenter, kyrkje, gamleheim, samvirkelag, plastfabrikk, treningssenter, bygdehus, kiosk og bensinstasjon.

Rossfjordstraumen har postnummer 9302.

Månadleg kjem det ut ei eiga bygdeavis som heiter Rossfjordposten.

Grunnkrinsar[endre | endre wikiteksten]

Rossfjordstraumen utgjer to grunnkrinsar, Straumen øst og Straumen vest, på kvar si side av fjorden/vatnet.

Innbyggarar [1]:

 
2000
2005
2007
2012 2019
Straumen øst
232
228
241
219 192
Straumen vest
169
197
198
184 176

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Rossfjordstraumen

Fotnoteliste[endre | endre wikiteksten]

  1. «04317: Grunnkretsenes befolkning (G) 1999 - 2019», PX-Web SSB, henta 29. september 2019 

Denne artikkelen byggjer på «Rossfjordstraumen» henta frå Wikipedia på bokmål 28. juni 2007.