Rossneset i Radøy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rossneset
stad
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Alver
Postnummer 5936 MANGER
Gardnummer 17

Rossneset, uttala [råssneset] eller [røssneset] , er ein gard på Radøy. Opphavleg var Rossneset ikkje ein tradisjonell gard, men eit handelshus og gjestgiveri.

Namnet Rossneset er kjem frå norrønt hross som tyder 'hest', og tyder altså 'hestneset'. Den lange og smale halvøya som garden ligg på, har vore bruka til hestebeite. Rossneset høyrde opphavleg til Villanger, men kom var eigen eining frå 1600-talet. På slutten av 1800-talet gjekk drifta over frå gjestgjevargard til vanleg bondegard. Garden vart etter kvart delt i fleire små bruk. I vår tid har det borte delt frå mange hyttetomter på Rossneset.

Frå 1970 til 1990 gjekk ferja til Fedje frå Rossneset. Ferja hadde òg ei mellomlanding på Hoplandssjøen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]