Rostrum
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rostrum er latin for 'nebb, spiss' eller 'skipssnabel', og viste i antikken til bronsebelagte spissar i forstamnen på krigsskip. Desse kunne brukast som rambukkar, til å laga hol i fiendtlege skip.
Ved sjøslag var det vanleg å ta rostrumen til den overvunne fienden som krigsbytte. Etter slaget ved Antium i 338 f.Kr., der romarane sigra over volskarane (volsci), sette dei stamnane frå fiendeskipa opp rundt talarstolen i Forum Romanum. Denne blei seinare kjend som rostra, fleirtalsforma av rostrum. I moderne engelsk er «rostrum» framleis eit ord for talarstol.
-
Modell av romersk trirem med rostrum.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Farstad, Olav (1929) Latinsk-norsk ordbok, s. 297 – Brun, Trondhjem.
- Fuchs, J.W. (1968) Illustrert klassisk realleksikon, s. 227 – Aschehoug, Oslo.
- Steen, Tone. «rostra» (14. februar 2009), Store norske leksikon.
|