Rotenburg i Niedersachsen
Rotenburg (Wümme) | |||
by | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Stat | Niedersachsen | ||
Areal | 99,06 km² | ||
Folketal | 22 789 (31. desember 2023) | ||
![]() Rotenburg (Wümme) 53°06′41″N 9°24′39″E / 53.111388888889°N 9.4108333333333°E | |||
Wikimedia Commons: Rotenburg (Wümme) |
Rotenburg (Wümme), plattysk Rodenborg (Wümm), også kjend som Rotenburg an der Wümme, er ein by og ein kommune nord i forbundslandet Niedersachsen i Tyskland. Kommunen har 23 000 ibuarar og dekker 99,1 km² land. Byen ligg 40 kilometer aust for Bremen.
Rotenburg vart grunnlagt i 1195, då fyrsten og biskopen Rudolf I av Verden fekk bygt ei borg på staden. Borga fekk namn av fargen på mursteinane. Busetnaden ved borga vart verande landsby heilt til innpå 1800-talet.
Fyrstebispedømmet vart i 1648 omgjort til fyrstedømmet Verden. Dette var frå då i personalunion med kongeriket Sverige. Etter å ha vore okkupert av Danmark i tre år, tok Hannover-fyrsten i 1715 over styringa av fyrstedømmet.
Rotenburg ligg ved elva Wümme og vert kalla Rotenburg (Wümme) for å skilje byen frå Rotenburg an der Fulda i Hessen og Rothenburg ob der Tauber i Bayern.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Rotenburg (Wümme)» frå Wikipedia på tysk, den 3. juni 2025.