Rotfruktkvern

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gamal rotfrukstkvern.

Rotfruktkvern, òg kalla nepekvern, er ei kvern som tidlegare vart nytta fot å mala sund nepe og kålrot for å bruka som fôr til storfe. Dei er sett saman av ein behalder, der rotfruktene vart plasserte, og ein underliggande konisk trommel med skarpe knivar[1]. Rotfruktene vart kutta opp i tynne skiver, som kom ut i den enden av trommelen med størst diameter. Ein plasserte ofte ei trillebår der, slik at ein kunne trilla fôret direkte inn til kyrne. Dei minste kvernene hadde sveiv og vart dregen med handmakt. På 1950- og 1960-talet vart sveiva ofte erstatta med ein elektrisk motor.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. K. Hansen, Landbrugets redskaber og maskiner, Det kgl. danske landhusholdningsselskab, 1955.