Rotsethorntunellen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rotsethorntunellen
Lengd3 962 meter
Trafikk2 715 (2023)[1]
Opna1999/2004
Kart
Rotsethorntunellen
62°07′21″N 6°05′55″E / 62.1225°N 6.09861111°E / 62.1225; 6.09861111

Rotsethorntunellen er ein tunellriksveg 651 i Volda kommune i Møre og Romsdal. Tunellen går gjennom Rotsethornet mellom Volda og Løvikneset, på nordaustsida av Voldsfjorden. Tunellen avløyste i to etappar eit svært rasfarleg vegparti. Opphavleg gjekk Rotsethorntunellen til Greifsneset og var 2 176 meter lang. Den blei opna 19. juni 1999. 5. desember 2002 begynte arbeidet med å forlenge tunellen til Løvikneset. Tunellen er i dag 3 962 meter lang, og den blei nyopna 28. mai 2004. Skulebussar fekk løyve til å køyre gjennom den nye, uferdige tunelldelen allereie frå januar 2004. Tunelldelen til Greifsneset er behalde, som ein arm av Rotsethorntunellen og riksveg 651.

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  1. «Trafikkdata Ev39 Rotstehorntunnelen». Statens vegvesen.