Rough and Ready

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Rough and Ready
Studioalbum av The Jeff Beck Group
Utgjeve 25. oktober 1971
Innspelt April–juli 1971 i Island Studios i London
Sjanger Hardrock, bluesrock, jazzfusion
Lengd 36:48
Selskap Epic
Produsent Jeff Beck
The Jeff Beck Group-kronologi
Beck-Ola
(1969)
Rough and Ready Jeff Beck Group
(1972)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar half.svgStar empty.svg[1]
The Rolling Stone Album Guide3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[2]
The Village VoiceC+[3]

Rough and Ready er det tredje albumet til The Jeff Beck Group og det første av to av den andre utgåva av bandet. Det kom ut i 1971 og består av meir jazz, soul og R&B enn tidlegare Beck-album. Som låtskrivar medverka Beck med fleire stykke til Rough and Ready enn han hadde gjort før, eller skulle kome til å gjere igjen. Beck henta inn Bobby Tench som vokalist og det var òg debuten til Max Middleton som klaverspelar. Andre medlemmar i denne besetninga var trommeslagaren Cozy Powell og bassisten Clive Chaman.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tidleg i april 1971 var Beck og The Jeff Beck Group framleis under kontrakt med RAK, og Beck starta opp att bandet sitt med klaverspelaren Max Middleton, trommeslagaren Cozy Powell, bassisten Clive Chaman og vokalisten Alex Ligertwood. Seinare i april byrja det nye bandet innspelingane i Island Studios i London. Dei arbeidde på songar av Beck og fokuserte på «Situation», som hadde tekst av Ligertwood. Andre songar som «Morning Dew» fekk òg merksemd med hjelp av produsenten Jimmy Miller, som hadde arbeidd med Traffic og The Rolling Stones. I mai 1971, etter ei veke med innspelingar, forlet Beck RAK og signerte ein ny plateavtale med CBS. Epic, ein etikett under CBS, fekk oppgåva med å gje ut musikken til Beck og etter å ha høyrd inspelinga frå Island var dei ikkje nøgd med vokalen. I mai byrja Beck å sjå seg om etter ein ny vokalist. Seint i mai, etter å ha høyrt Bobby Tench syngje me bandet sitt Gass,[4]:111 vart han tilsett som vokalist for bandet. Tench fekk berre nokre få veker på seg til å skrive nye tekstar og syngje inn vokal for albumet, før miksinga heldt fram av lydspora som tidlegare var innspelt av Beck og dei andre i bandet. Tidleg i juli 1971 gjekk bandet inn i Island Studios igjen for å fullføre albumet og Beck tok over som produsent. Rough and Ready kom ut i Storbritannia 25. oktober 1971 og i USA i februar 1972, etterfølgd av ein seksten dagar lang turné.[4]:112 Albumet nådde 46. plassen på den amerikanske albumlista.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Got the Feeling»  Jeff Beck 4:46
2. «Situation»  Beck 5:26
3. «Short Business»  Beck 2:34
4. «Max's Tune» (på den originale utgåva i USA er songen kalla «Raynes Park Blues» og tilskriven Beck.)Max Middleton 8:24
Side to
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
5. «I've Been Used»  Beck 3:40
6. «New Ways / Train Train»  Beck 5:52
7. «Jody»  Beck, Brian Short 6:06
36:48

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Singlar[endre | endre wikiteksten]

  • «Got that Feeling/Situation» Epic(USA) 5-10814 (6. desember 1971), Epic (Storbritannia) 7720 (7. januar 1972)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Rough and Ready at AllMusic
  2. Jeff Beck: Album Guide at Rolling Stone
  3. Christgau, Robert (2. mars 1972). «Consumer Guide (24)». The Village Voice (New York). Henta 4. juli 2018. 
  4. 4,0 4,1 Hjort, Chris & Hinman, Doug (2000). Jeff's book : a chronology of Jeff Beck's career, 1965-1980, from the Yardbirds to jazz-rock. Rock 'n' Roll Research Press. ISBN 0-9641005-3-3.