Route des Grandes Alpes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kart over vegen.
Frå Val d'Isère
Vegskilt i Bourg-Saint-Maurice, retning Cormet de Roselend

Route des Grandes Alpes er ein av dei mest kjente vegane gjennom Alpane til Middelhavet. På sin veg frå Thonon-les-Bains ved Genfersjøen til Menton i Côte d'Azur går den over 17 alpepass, 6 av dei over 2 000 moh. Til desse høyrer Col de l'Iseran, som med 2 770 m er den høgste vegovergangen i Alpane. Ruta er om lag 700 km lang og ein høgdeskilnad på i alt 15 700 m. Tour de France går ofte på delar av denne ruta.

Ei lang rekke militæranlegg frå 1600-talet (Vauban) til 1900-talet (Maginotlinja) er synlege frå rutetraséen, til dømes Ouvrage de la Platte (Fort 2000), Barrière de l'Esseillon, Briançon, Redoute de Berwick, Fort de Tournoux, Petit ouvrage de Fressinea og Ouvrage du Castillon.

Ruta er (til dels sparsamt) skilta og teikna inn på fleire vegkart. Vegen er open frå juni til om lag 15. oktober.

Fjellovergangar[endre | endre wikiteksten]

Route des Grandes Alpes går over følgjande pass:

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]