Rovaniemi bibliotek

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Biblioteket i Rovaniemi er regionsbiblioteket for Lappland i Finland. Det er utforma av den kjende ariktekten Alvar Aalto.

Sjølve biblioteket blei grunnlagd i 1860, men den noverande bygningen blei til mellom 1963 og 1968. Saman med konserthuset og kongressenteret i byen, som òg var laga av Aalto, er det bygd for å skapa eit kulturelt og borgarleg senter i Rovaniemi.

Biblioteksbygget er spesielt utforma for å utnytta lyset frå den lågthengande arktiske sola, og har fleire plan. Det er dekt med keramikkfliser på utsida og inneheld i tillegg til boksamlinga eit musikkbibliotek, eit museum og eit lite auditorium.

Interiøret i bygget er utforma etter tenkemåtar Aalto utvikla allereie i samband med bygginga av Viborg bibliotek. Lesesalane er plassert lågare enn resten av biblioteket. Planet for utlån er spreidd ut som ei opa vifte, slik at bibliotekarane har utsyn over heile området. Det kjem inn naturleg lys frå dei høge lanterneliknande vindauga.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]