Rovde
| Rovde | |||
| stad | |||
Rovde kyrkje på Rovdestranda, fastlandsdelen som vart innlemma i Vanylven Foto: Henny Stokseth | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Fylke | Møre og Romsdal | ||
| Kommune | Vanylven | ||
| Postnummer | 6141 ROVDE | ||
| Ferdselsårer | 652 | ||
![]() Rovde kommune 62°10′30″N 5°44′17″E / 62.175°N 5.7380555555556°E | |||
Rovde er ein kyrkjestad og tidlegare sjølvstendig kommune i Møre og Romsdal fylke. I 1837 var Rovde del av Herøy formannskapsdistrikt.
1. januar 1905 vart Rovde skild ut frå Sande som eigen kommune med 610 innbyggarar.[1] Sande var allereie 1. januar 1867 skild ut frå Herøy som eigen kommune.[2]
1. januar 1964 vart Rovde kommune delt, og den delen av kommunen som låg på Gurskøya, saman med gardane Brekke, Seljeset og Skoge i Gurskedalen i Herøy kommune, og dåverande Sande kommune, vart slått saman til den nye Sande kommune. Den delen av Rovde som gjekk inn i Sande, hadde 562 innbyggarar.[3]
Frå same dato vart Rovdestranda med 436 innbyggarar slått saman med Syvde og Vanylven kommunar til den nye Vanylven kommune.[3]
Riksveg 652 går gjennom Rovdestranda.
Rovde kyrkje er frå 1872.
Folketalsutvikling
[endre | endre wikiteksten]Folketalsutvikling for gamle Rovde kommune frå 1905 til 1964:
| 1.1.1905[4] | 1.12.1920[5] | 1.12.1930[6] | 3.12.1946[6] | 1.1.1951[7] | 1.1.1961[7] | 1.1.1964[4] |
|---|---|---|---|---|---|---|
| 610 | 674 | 750 | 888 | 901 | 994 | 998 |
Sjå også
[endre | endre wikiteksten]Næringsliv
[endre | endre wikiteksten]- Rovde møbelfabrikk Arkivert 2008-10-16 ved Wayback Machine. produserer møblar og inventar til skip.
- Rovde Shipping starta med frakt av sand, er no ein del av Siem Offshore (supplyskip).
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ side 59, vitja 10. mai 2009
- ↑ side 58, vitja 10. mai 2009
- 1 2 side 60, vitja 10. mai 2009
- 1 2 Dag Juvkam, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen (SSB, 1999)
- ↑ Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
- 1 2 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
- 1 2 Folkemengd i Rovde 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
