Rovterne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rovterne

Status i verda: LC Livskraftig

Bilete frå Ontario, Canada, april 2007Foto: Wikimedia-brukar Mdf
Bilete frå Ontario, Canada, april 2007
Foto: Wikimedia-brukar Mdf

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Charadriiformes
Familie: Sternidae
Slekt: Hydroprogne
Art: H. caspia
Vitskapleg namn
Hydroprogne caspia

Rovterne (Hydroprogne caspia, tidlegare Sterna caspia[1]) er ein vassfugl i ternefamilien med nær kosmopolitisk, men mykje oppstykka distribusjon. Trass den omfattande utbreiinga, er ho monotypisk i slekta si, og har heller ingen aksepterte underartar.[2]New Zealand er ho òg kjent under maorinamnet taranui.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Det er verdas største terne med ei lengd på 48-60 cm, eit vengespenn på 127-145 cm og ei vekt på 530-782 gram.[2][3] Vaksne fuglar har svarte bein, og eit langt tjukt raudoransje nebb med ein liten svart spiss. Dei har kvitt hovud med svart hette og kvit nakke, underside og stjert. Oversida av vengene og ryggen er bleikgrå, undervengene er bleike med mørke primærfjører. I flukt, er halen mindre gaffeldelte enn hos andre terner og vengespissane er svarte på undersida.[2] I motsetnad til mange andre terner held dei på den svarte hetta i vinterdrakta, men med nokre kvite striper i panna. Lætet er eit høgt, hegreliknande «krre-ahk».[4]

Distribusjon og habitat[endre | endre wikiteksten]

Hekkehabitata er store innsjøar og kystar i Nord-Amerika inkludert Dei store sjøane, i Europa hovudsakleg rundt Austersjøen og Svartehavet, dessutan i Asia, Afrika, i Australia og på New Zealand. Nordamerikanske fuglar trekkjer til sørlege kystar, Karibia og i noko grad til nordlegaste Sør-Amerika. Europeiske og asiatiske fuglar overvintrar i tropiske område i «den gamle verda». Afrikanske og australske fuglar er standfuglar eller trekkjer berre korte avstandar.[2]

Den globale populasjonen er om lag 50 000 par, tala i dei fleste regionane er stabile, men utviklinga i Austersjøen, med 1400-1475 par i byrjinga av 1990-talet, er ottesam med minkande populasjon.[2][5]

Rovterna er ein av artane som vert omfatta av avtalen Agreement on the Conservation of African-Eurasian Migratory Waterbirds, (AEWA).

Åtferd[endre | endre wikiteksten]

Dei lever i hovudsak på fisk som dei stupdukkar etter; svevar høgt over vatnet og deretter stuper. Dei kan òg tidvis ete store insekt, ungar og egg av andre fuglar og gnagarar. Dei kan flyge opp til 60 kilometer frå kolonien for å hente fisk. Dei fiskar like gjerne på innsjøar som på havet.[2][4]

Hekketida er om våren og sommaren, med kull på eit til tre lyse blågrøne egg, med tunge brun flekker. Dei hekkar anten saman i koloniar, eller einskildvise i blanda koloniar av andre terne og måseartar. Reiret ligg på bakken blant grus og sand, eller nokre gonger i vegetasjon, hekketida er 26-28 dagar. Ungane har varierande i fjørdraktmønster og farger, frå bleik kremfarga til mørkare gråbrun. Ungane er flygedyktige etter 35-45 dagar.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Bridge, E. S., Jones, A. W., & Baker, A. J. (2005). A phylogenetic framework for the terns (Sternini) inferred from mtDNA sequences: implications for taxonomy and plumage evolution. Molecular Phylogenetics and Evolution 35: 459–469. PDF pdf file
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 del Hoyo, J.; Elliot, A. & Sargatal J., ed (1996). Hoatzin to Auks. Handbook of the Birds of the World. Band 3. Barcelona: Lynx edicions. ss. 645. ISBN 84-87334-20-2. 
  3. [1]
  4. 4,0 4,1 Svensson, Lars et al (2011). Gyldendals store fugleguide. Gyldendal norsk forlag. ISBN 9788205418820.
  5. Snow, D. W., & Perrins, C. M. (1998). The Birds of the Western Palearctic Concise Edition OUP ISBN 0-19-854099-X.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Rovterne