Roxen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Roxen
innsjø
none
tilsig Motala ström, Svartån, Stångån
utløp Motala ström
Høgd over havet 32 moh moh
Areal 97 km² km²

Roxen er ein innsjø i Linköping kommun og Norrköping kommun i Östergötland. Han ligg ca 32 moh og har eit areal på 97 km². Roxen er ein næringsrik, grunn innsjø, noko som blir gjenspegla av det særs rike fuglelivet. Innsjøen er 8 m på det djupaste, noko som fører til at bølgjene på Roxen blir særs krappe (korte og høge), noko mange seglarar har fått oppdage i hardt vêr. I vest er innsjøen ca 6 km brei, og møter Motala ström, Svartån og Stångån med Kinda kanal, i den sørlegaste vika nord for Linköping. Mot aust smalnar Roxen av til ei langstrakt vik. Frå austenden av denne vika, ved Norsholm, fortset Motala ström nordover mot innsjøen Glan.

Göta kanal går gjennom innsjøen frå Norsholm til Berg i Linköping.

Eit 42 km² stort område av den vestlege delen av Roxen har sidan 19. november 2001 blitt verna under Ramsarkonvensjonen.[1] Den raudlista fiskearten asp lever i sjøsystemet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Information Sheet on Ramsar Wetlands – Västra Roxen ride/3SJÅ051ein.pdf