Roy Cochran

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Roy Cochran

Statsborgarskap USA
Fødd 6. januar 1919
Richton
Død

26. september 1981 (62 år)
Gig Harbor

Yrke friidrettsutøvar
Høgd 178 centimeter
Roy Cochran på Commons

Roy Cochran, fullt namn LeRoy Braxton Cochran, (6. januar 191928. september 1981) var ein USA-amerikansk friidrettsutøvar, fødd i Richton i delstaten Mississippi, som vart olympisk meister på 400 meter hekk i 1948, der han også vann OL-gull i 4 x 400 meter stafett.

Roy Cochran vart AAU-meister på 440 yards hekk i 1939 med den sterke tida 51,9 sekundar. Under den andre verdskrigen gjorde han krigsteneste i Stillehavet, etter krigen studerte han fysiologi ved University of Southern California.

OL-sesongen 1948 vann Cochran dei nasjonale OL-uttaka på langhekken på tida 51,7 og han vart også for andre gong USA-meister. Under sommarleikane i London sprang han inn til ein suveren gullmedalje på 400 meter hekk, med tida 51,1 sekundar slo han sølvvinnaren Duncan White med heile sju tidels sekund. Ei veke seinare vann han OL-gull nummer to då han tok seg av den tredje etappen for USA i 4 x 400 meter stafett, saman med Arthur Harnden, Cliff Bourland og ankermann Mal Whitfield viste Cochran det franske laget til andreplass, over fire sekundar bak.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]