Hopp til innhald

Roy Jacobsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Roy Jacobsen

StatsborgarskapNoreg
Fødd26. desember 1954
Oslo
Død

18. oktober 2025 (70 år)
Rikshospitalet

Yrkeskribent, biograf, manusforfattar, romanforfattar
Medlem avDet Norske Akademi for Språk og Litteratur
EktefelleAnneliese Pitz
PrisarTarjei Vesaas' debutantpris, Bokhandlarprisen, Bokhandlarprisen, Cappelenprisen, Gyldendalprisen, Nota Bene Bokpris, Doblougprisen, Riksmålsforbundets litteraturpris, Årets Europeer, Ivar Lo-prisen, ridder av Den islandske falkeorden, Kommandør av St. Olavs Orden
Roy Jacobsen på Commons

Roy Jacobsen (26. desember 195418. oktober 2025) var ein norsk forfattar frå Oslo.[1]

Jacobsen voks opp i Groruddalen i Oslo. Frå 1979 til 1986 budde han på heimstaden til mora på Solfjellsjyen i Dønna kommune i Nordland.[2] Han arbeidde blant anna som snikkar, fiskar, lærar, sjauar og pleieassistent,[3] også etter debuten i 1982, før han vart forfattar på heiltid i 1990.

Forfattarskap

[endre | endre wikiteksten]

Han debuterte i 1982 med novellesamlinga Fangeliv som han fekk Tarjei Vesaas' debutantpris for.[4] Han var nominert til Nordisk Råds Litteraturpris for romanane Seierherrene i 1991 og Frost i 2004. Som fyrste nordmann vart han nominert til Man Booker International Prize, for romanen De usynlige i 2017.[5]

Bøkene hans har vorte omsette til mellom anna dansk, tysk, svensk, engelsk, polsk, finsk, islandsk, nederlandsk, rumensk og albansk.

Roy Jacobsen var gift med fyrsteamanuensis Anneliese Pitz.[6]

  • 1982 Fangeliv, noveller
  • 1984 Hjertetrøbbel, roman
  • 1985 Tommy, roman
  • 1987 Det nye vannet, roman
  • 1988 Virgo, roman
  • 1989 Det kan komme noen, noveller
  • 1990 Ursula, barnebok
  • 1991 Seierherrene, roman
  • 1992 Fata Morgana, roman,
  • 1994 Den høyre armen, noveller
  • 1995 Trygve Bratteli. En fortelling, biografi om Trygve Bratteli
  • 1998 Ismael, roman
  • 1999 Grenser, roman
  • 2001 Fugler og soldater, noveller
  • 2002 Det nye vinduet, noveller
  • 2003 Frost, roman
  • 2005 Hoggerne, roman
  • 2007 Marions slør, roman
  • 2009 Vidunderbarn, roman
  • 2013 De usynlige, roman
  • 2015 Hvitt hav roman
  • 2017 Rigels øyne roman
  • 2019 På randen av Vigeland sjølvbiografisk forteljing
  • 2019 Mannen som elsket Sibir roman
  • 2020 Bare en mor roman

Prisar og utmerkingar

[endre | endre wikiteksten]
  1. Øyvind Bye Skille; Anne Skifjeld; Ismail Burak Akkan & Halldor Asvall. «Forfatter Roy Jacobsen er død» (på norsk bokmål). NRK. Henta 18. oktober 2025.
  2. «En kystlinje». klassekampen.no (på norsk bokmål). 31. juli 2021. Henta 20. mai 2022. «FISKARBONDEN: Med Barrøy-bøkene har Roy Jacobsen løftet øyfolket inn i vår bevissthet.»
  3. Koren, Beate A.; Møller (foto), Line (10. november 2014). «Roy Jacobsen om moren: Hun inspirerte «Seierherrene»». VG (på norsk). Henta 18. oktober 2025.
  4. «Roy Jacobsen» i Store norske leksikon, snl.no.
  5. «Man Booker-nominerte Roy Jacobsen: – Som en Oscar-kampanje». aftenposten.no. 13. juni 2017. Henta 23. januar 2025.
  6. «Rolf Jacobsen» i Store norske leksikon, snl.no.
  7. «Roy Jacobsen tildeles St. Olavs Orden», NRK (på norsk bokmål), 1. september 2023, henta 19. oktober 2025

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Roy Jacobsen