Royal Society for the Prevention of Cruelty to Animals

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
RSPCA-tilsett (til venstre, med transportkasse) og brannmenn redder ei due som sit fast i ein bygning.

Royal Society for the Prevention of Cruelty to Animals (RSPCA) er ein britisk dyrevernorganisasjon med virke i England og Wales. Han blei grunnlagt i 1824 som SPCA, og fekk kongeleg støtte (og nemninga «Royal») i 1840. Organiasajonen har danna grunnlaget for fleire liknande organisasjonar i andre land, som Scottish SPCA, RSPCA Australia og ASPCA i USA.

Organisasjonen blei skipa av ei gruppe reformatorar leia av parlamentsmedlemmene Richard Martin, William Wilberforce og presten Arthur Broome i Old Slaughter's Coffee House ved Strand i London.[1] Han fekk kongeleg status av dronning Viktoria i 1840. Organisasjonen kjempa for eit lovverk som verna om dyr, og søkte sjølv å rettsforfølgja dyremishandlarar. I 1824 stilte han 63 personar for retten anklaga for dette.

Etter fleire år med lobbyverksemd frå RSPCA laga Det britiske parlamentet fleire lover for vern av dyr. Richard Martin hadde allereie fått gjennom ein lov mot mishandling av storfe i 1822. Denne blei utvida med Cruelty to Animals Act i 1835. Cruelty to Animals Act 1876 la ned eit regelverk knytt til dyreeksperiment som viviseksjon. Wild Animals in Captivity Protection Act 1900 regulerte hald av ville dyr i fangenskap, medan Protection of Animals Act 1911 samanfatta dei ulike dyrevelferdslovane. Nyare kampanjar der RSPCA har vore aktive har ført til Hunting Act 2004, med kraftig regulering av revejakt, og Animal Welfare Act 2006, som oppdaterte regelverket for dyrevelferd.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]