Ruakaka

Koordinatar: 35°53′S 174°24′E / 35.883°S 174.400°E / -35.883; 174.400
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ruakaka
busetnad
Land  New Zealand
Areal 15,80 km²
Folketal 2 360 (30. juni 2018)[1]
Kart
Ruakaka
35°54′30″S 174°27′34″E / 35.908361111111°S 174.459575°E / -35.908361111111; 174.459575
Wikimedia Commons: Ruakaka

Ruakaka er ein liten by i regionen NorthlandNew Zealand, om lag 30 km sør for Whangarei. Opphavleg var dette ein strandstad, men han voks og utvikla seg på grunn av utbygginga av landet sitt einaste oljeraffineri ved Marsden Point gjennom 1980-åra. Innbyggjartalet i Ruakaka og Marsden Point var til saman 2 913 ved folketeljinga i [2006.[4]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Namn[endre | endre wikiteksten]

Ruakaka er samansett av dei to orda rua og kaka. Rua er eit maoriord for talet to, og kaka er ei lokal papegøyeart (Nestor meridionalis).

Distrikt[endre | endre wikiteksten]

Området består av busetnadane Ruakaka Beach, Ruakaka Township og Marsden Point Village. Andre forstadar, som til dømes One Tree Point, Takahiwai og til og med Waipu er ofte medrekna når ein snakkar generelt om området.

Ruakaka Beach ligg nær munningen til Ruakaka-elva der det òg finst eit reservat for sjeldne fugleartar og ein populær campingplass. Dette er først og fremst eit bustadområde med ei blanding av fast busetnad og strandhytter.

Ruakaka Township vart utbygd på bakgrunn av ekspansjonen til oljeraffineriet Marsden Point Oil Refinery i 1980-åra, då det vart naudsynt å byggja ut bustadar og tenester til dei mange tilreisande arbeidarane som kom frå heile verda for å arbeida på anlegget. Eit pålegg frå regjeringa til utbyggjarane om at ein viss prosentdel av investeringane i anlegget skulle brukast på lokalsamfunna, har ført til at det her finst tenester som elles ikkje er vanlege i busetnader av denne storleiken, til dømes idrettsplassar, tennis- og squashbanar.

Marsden Point Village vart bygd ut saman med anlegget av kraftstasjonane Marsden A og Marsden B (som seinare er tekne ut av drift). Området vert no marknadsført som eit bustadområde ved sjøen.

Strender[endre | endre wikiteksten]

Havbukta har vakre, kvite, sandstrender med utsikt utover sjøen mot øyene Hen and Chicken Islands og Sail Rock.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Den geografiske plasseringa til staden skapar varme og fuktige sumrar og milde vintrar. Temperaturen svingar om sommaren frå 22 °C til 26 °C (72°F til 79 °F). Om vinteren er rim på bakken så godt som ukjent. Dei varmaste månadane i året er januar og februar. Nedbørsmengda i området ligg årleg stort sett kring 1500 – 2000 mm. Den dominerande vindretningen er året rundt sørvestleg.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ruakaka ligg i havbukta Bream Bay som vart namngjenven av kaptein James Cook på den første turen hans til New Zealand, og han vitja regionen 25. november 1769. Bukta fekk dette namnet på grunn av at mannskapet utan særlege vanskar fanga 90-100 brasmefiskar (bream) like etter at dei hadde ankra opp.

Plan om jarnvegsutbygging[endre | endre wikiteksten]

Det har vore føreslått å byggja ei jarnvegssidelinje til Marsden Point frå Oakleigh ved North Auckland Line. Denne linja, Marsden Point Branch, er først og fremst tenkt å verta ei godslinje, men samferdslekomitéen i Northland, (Northland Regional Land Transport Committee), har nemnt at det på lengre sikt kan koma på tale med passasjertog for pendlarar mellom Ruakaka og Whangarei.[5] I 2007 var arbeidet med å sikra byggjegrunn for ei linje i gang.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

35°53′S 174°24′E / 35.883°S 174.400°E / -35.883; 174.400