Ruapehu District

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ruapehu District
distrikt
Mount Ruapehu in the Ruapehu District along Ruatiti Road.JPG
Land Flag of New Zealand.svg New Zealand
Areal 2 624,115 km²
Folketal 13 650 (Estimat i juni 2 008)[1]
Nettstad: http://www.ruapehudc.govt.nz

Ruapehu District er eit distrikt sentralt på NordøyaNew Zealand. Det ligg i regionen Manawatu-Wanganui.

Det har ei flatevidd på 6 730,185 km² og eit folketal på 13 650 (estimat i juni 2008)[1].

Kjennemerke[endre | endre wikiteksten]

Distriktet er omgjeve av land til alle sider. Her ligg det kjende fjellet Mount Ruapehu, nasjonalparken Tongariro National Park og Raurimu Spiral, ein kjend spiralkonstruksjon på hovudjarnvegslinja på Nordøya (North Island Main Trunk railway line).

Turiststadane Whakapapa, National Park og Ohakune ligg også i distriktet.

Den vesle byen Waiouru, som ligg 815 moh., ligg heilt aust i distriktet og hyser den store militærleiren Waiouru Army Camp.

Den berykta Desert Road ('Øydemarksvegen'), ein del av hovudvegen State Highway 1, startar i distriktet ved Waiouru, og passerer Ruapehu, Ngauruhoe og Tongariro før han endar i Rangipo.

Mudderflaum (lahar) frå kratersjøenMount Ruapehu var årsaka til Tangiwaikatastrofen julaftan 1953, der 151 menneske mista livet, då Tangiwaibrua over Whangaehu River fall saman.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Statistics New Zealand 23. oktober 2008. "Subnational Population Estimates". Henta 2. juni 2009.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]