Rubén Baraja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Rubén Baraja

Rubén Baraja Vegas (fødd 11. juli 1975) er ein spansk tidlegare  fotballspelar og -trenar frå Valladolid. Han var ein offensiv midtbanespelar på eit suksessrikt Valencia-lag.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Baraja spelte på heimlege Real Valladolid fram til 1996. Sidan var han på løningslista til Atlético Madrid fram til sommaren 2000, då laget rykte ned frå La Liga. Mot 10 millionar euro vart han overført til Valencia CF. Det neste tiåret var Baraja ein sentral spelar då klubben hausta store triumfar. Laget gjekk til topps i La Liga 2002, og på ny 2004. Våren 2004 vann Valencia og Baraja UEFA-cupfinalen med 2–0 over Olympique Marseille. I 2008 sigra laget i den nasjonale cupturneringa.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Baraja var spansk landslagsspelar i fem år, 2000-05. Han deltok i Fotball-VM 2002 og EM 2004. I alt deltok han i 43 landskampar og skåra 7 mål.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]