Rubén de la Red

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rubén de la Red
Personleg informasjon
Fullt namn Rubén de la Red Gutiérrez
Fødd 5. juni 1985
Fødestad Móstoles
Høgd 186 cm
Posisjon Midtbanespelar
Ungdomsklubbar
1999-2004 Spania Real Madrid
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2004-2007
2006-2007
2007-2008
2008-2010
Spania Real Madrid B
Spania Real Madrid
Spania Getafe CF
Spania Real Madrid
95 (14)
10 (0)
31 (3)
7 (1)
Landslag
2004-2006
2006-2008
2008
Spania Spania U19
Spania Spania U21
Spania Spania
4 (0)
5 (0)
3 (1)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Rubén de la Red Gutiérrez (fødd 5. juni 1985) er ein spansk tidlegare fotballspelar. Bortsett frå eit opphald i Getafe CF spelte han heile junior- og seniorkarrieren sin som midtbanespelar i Real Madrid.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Rubén de la Red spelte på spansk U19- og U21-landslag før han vart teken med på det offisielle herrelandslaget i 2008. Landslagskarrieren hans var kort, men han rakk å verta med i troppen som vart europameistrar under EM i fotball 2008. Under EM den 18. juni 2008 skåra han det einaste landslagsmålet i karrieren sin, i ein kamp mot Hellas som enda 2-1 til Spania.

Den 30. oktober 2008 kollapsa Rubén de la Red medan han spelte i ein cupkamp mot Real Unión. Han hamna på sjukehus, og det viste seg etter kvart at han leid av ein alvorleg hjartefeil. Han vona lenge at han kunne koma tilbake til proffotballen i Real Madrid, men i 2010 trekte han seg endeleg tilbake og har ikkje spelt profesjonell fotball sidan.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]