Rubber Soul

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rubber Soul
Studioalbum av The Beatles
Språk engelsk
Utgjeve 3. desember 1965
Innspelt 12. oktober–15. november 1965 (utanom 17. juni 1965 for «Wait»), EMI Studios i London
Sjanger
Lengd 35:50
Selskap Parlophone (UK), Capitol (US)
Produsent George Martin
The Beatles-kronologi 
Help!
(1965)
Rubber Soul Revolver
(1966)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic5/5 stars[1]
The A.V. ClubA–[4]
Blender5/5 stars[5]
Consequence of SoundA+[6]
The Daily Telegraph5/5 stars[7]
Encyclopedia of Popular Music5/5 stars[8]
MusicHound Rock4/5[9]
Pitchfork10/10[10]
Q5/5 stars[11]
The Rolling Stone Album Guide5/5 stars[12]

Rubber Soul er det sjette studioalbumet til The Beatles. Det kom i desember 1965 og var produsert av George Martin. Albumet vart spelt inn i løpet av om lag fire veker for å nå julesalet. Her viser The Beatles at dei var påverka av folkrock-stilen til The Byrds og Bob Dylan og albumet vart sett på som eit stort kunstnerisk framsteg for bandet og fekk god kritikk og selde bra. Rolling Stone plasserte albumet på femteplass på lista deira over dei 500 største albuma gjennom tidene.[13]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Musikalsk gjekk The Beatles i fleire retningar, mellom anna element frå samtidig folkrock av The Byrds og Bob Dylan.[13][14] Albumet var òg eit av dei første der the Beatles nytta uvanlege rock n' roll-instrument, som på «Norwegian Wood (This Bird Has Flown)». Sjølv om både the Yardbirds og the Kinks hadde nytta element av indisk musikk i sin eigen musikk, vert denne songen generelt akseptert som den første popsongen der ein faktisk nyttar sitar, eit indisk strengeinstrument, og «Norwegian Wood» sette i gang ei musikalsk bølgje med bruk av uvanlege instrument på midten av 1960-talet.[13] Songen vert i dag rekna som ein av hjørnesteinane i det som vanlegvis vert kalal «verdsmusikk» og var ein viktig milepåle for bruken ikkje-vestlege element i vestleg popmusikk. George Harrison hadde nyleg vorte introdusert for indisk klassisk musikk og sitaren av David Crosby frå the Byrds.[15] George Harrison vart raskt fanatisk interessert i sjangeren og start å ta sitarleksjonar frå den kjend indisk sitarvirtuosen Ravi Shankar.[16] Ringo Starr nytta forskjellige rytmiske arrangement med bruk av maracas og tamburin gjennom heile albumet.

Det vart òg eksperimentert med innspelingsteknikkar og keyboardsoloen i «In My Life» høyrest ut som ein cembalo, men er i røynda spelt på eit vanleg piano. George Martin fann ut at han ikkje klarte å følgje tempoet på songen å samtidig spele det han skulle i barokkstil, så han prøvde å spele inn songen på halv fart og så setje opp farten på bandet etterpå.[17][18] Andre innovative produksjonsteknikkar var bruken av elektronisk lydprosessering på mange instrument, mellom anna den kraftig komprimerte og utlikna pianolyden på John Lennon sin «The Word». Denne effekten vart etter kvart særs populær i sjangeren psykedelisk musikk.

Tekstmessig var albumet eit stort framsteg. Sjølv om eit par tidlegare Beatles-songar hadde uttrykt romantisk tvil og negativitet, representerte songane på Rubber Soul langt meir sofistikerte, tankefulle og fleirtydige tekstar. Særleg vart forhold mellom gut og jente flytta frå enkle kjærleikssongar til meir nyanserte og til og med negative skildringar. «Norwegian Wood», ein av dei mest kjende døma og ofte omtalt som ein av Beatles sine første forsøk på djupare tekstar ala Bob Dylan, er ein poetisk fleirtydig affære mellom songaren og ei mystisk jente. «Drive My Car» er eit satirisk stykke om omvendt sjåvinisme. Songar som «I’m Looking Through You», «You Won’t See Me» og «Girl» viser alle meir kjenslemessige, og til og meg bitre og depressive skildringar av romantikk, medan «Nowhere Man» var ein av dei første Beatles-songane som ikkje hadde eit romantisk tema.

Etter at albumet og singelen «We Can Work It Out» og «Day Tripper», som kom samstundes, var ferdig innspelt var Beatles utslitt etter nesten fleire år med samanhengande innspelingar, turnering og filmproduksjon. Dei tok så ein tre månadar lang ferie den første delen av 1966 og nytta denne tida til å utforske nye retningar som skulle påverka dei framtidige musikalske arbeida deira.[19]

Fram til seint i karrieren vart «hovudutgåva» av Beatles sine album alltid i mono, medan stereomiksen vart brukt mindre tid på. Monomiksane hadde vokalen i eine kanalen og instrumenta i den andre. Slik var det òg med Rubber Soul. Dei første albuma vart spelt inn på tosporsopptakarar, medan dei her nytta fire spor. I stereomiksen kunne derfor ha hatt vokalen i midten og instrument på begge sidene, men George Martin ønskte at albumet skulle høyrast bra ut på ein platespelar i mono. Derfor eksperimenterte han med å la vokalen ligge til høgre, instrumenta til venstre og ikkje ha noko i midten.

Songen «Wait» var opphavleg spelt inn for albumet Help!, men vart ikkje rekna for bra nok til å kome med her. Årsaka til at songen då vart nytta på Rubber Soul vart at dei mangla ein song og dei måtte ha albumet ut før jul. Dei valde derfor å nytte «Wait» i staden for å lage ein ny song.

Paul McCartney hevdar han kom opp med tittelen på albumet etter å ha høyrt svarte musikarar skildre Mick Jagger sin vokalstil som «plast-soul». John Lennon stadfesta dette i 1970.[20]

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Det vart gjeve ut to forskjellige stereoversjonar på vinyl i USA. Den vanlege amerikanske stereomiksen og ein «Dexter Stereo»-versjon (òg kalla «Austkystversjonen»), som hadde eit lag med klang på heile albumet.

Rubber Soul kom ut i USA tre dagar etter den britiske utgåva og låg inne på listene i 59 veker. Han toppa lista seks veker i strekk frå 8. januar 1966. Albumet selde 1,2 millionar eksemplar i løpet av ni dagar og har i dag seld over 4 millionar eksemplar berre i USA.

Den amerikanske utgåva hadde òg andre songar og forskjellige rekkefølgje enn den britiske utgåva for at ho skulle høyrast ut som eit «folkrock»-album. «I’ve Just Seen a Face» og «It’s Only Love», to songar som ikkje kom med på Help! vart inkludert, medan «Drive My Car», «Nowhere Man», «If I Needed Someone» og «What Goes On» vart fjerna. Desse vart seinare gjeve ut på samlinga Yesterday and Today.

Albumet kom på CD i april 1987 med innhaldet frå den britiske utgåva.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Albumet vart ein kommersiell suksess og låg på den britiske albumlista i 42 veker frå 11. desember 1965. Juledag erstatta det Help! på toppen av lista og vart liggande der i åtte veker. Albumet fekk god kritikk og vart omtalt som eit stort kunstnerisk steg framover. Den tidlegare Merseybeat-stilen hadde vorte omforma til ein omfattande, sofistikert pop/rock, som skulle prege musikkstilen deira resten av karrieren. John Lennon sa seinare at albumet var det første der Beatles hadde fullstendig kreativ kontroll på innspelinga med nok studiotid til å utvikle og utbetre musikalske idear og stilar. Den amerikanske utgåva av albumet var ei stor inspirasjonskjelde for Brian Wilson i Beach Boys, som «svarte» med å gje ut Pet Sounds i 1966. Då albumet kom på CD i 1987 gjekk det inn på lista igjen for tre veker, og ti år seinare gjekk det igjen inn på lista.

Rubber Soul vert ofte omtalt som eit av dei største albuma i pop- og rockhistorien. I 1998 stemde lesarar av Q det fram som det 40. beste albumet gjennom tidene, medan same magasin plasserte albumet som nummer to på lista over dei 100 største britiske albuma gjennom tidene.[21] I 2001 plasserte VH1 albumet på 6. plass på ei tilsvarande liste.[22] Rolling Stone kalla albumet det 5. beste gjennom tidene.[13] I 2006 valde Time ut albumet som eit av dei 100 beste gjennom tidene.[23]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Britisk utgåve[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Lennon/McCartney, bortsett frå der andre er nemnd.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Drive My Car»2:30
2.«Norwegian Wood (This Bird Has Flown)»2:05
3.«You Won't See Me»3:22
4.«Nowhere Man»2:44
5.«Think for Yourself» (Harrison)2:19
6.«The Word»2:43
7.«Michelle»2:42
Side to
Nr.TittelLengd
8.«What Goes On» (Lennon, McCartney, Starkey)2:50
9.«Girl»2:33
10.«I’m Looking Through You»2:27
11.«In My Life»2:27
12.«Wait»2:16
13.«If I Needed Someone» (Harrison)2:23
14.«Run for Your Life»2:18

Amerikansk utgåve[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Lennon/McCartney, bortsett frå der andre er nemnd.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«I’ve Just Seen a Face»2:07
2.«Norwegian Wood (This Bird Has Flown)»2:05
3.«You Won't See Me»3:22
4.«Think for Yourself» (Harrison)2:19
5.«The Word»2:43
6.«Michelle»2:42
Side to
Nr.TittelLengd
7.«It’s Only Love»1:53
8.«Girl»2:33
9.«I’m Looking Through You»2:27
10.«In My Life»2:27
11.«Wait»2:16
12.«Run for Your Life»2:18

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

I følgje Mark Lewisohn[24] og Ian MacDonald:[25]

The Beatles

Produksjon og andre musikarar

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1965–66) Plassering
Australia Kent Music Report[26] 1
Britisk Record Retailer LPs Chart[27] 1
US Billboard Top LPs[28] 1
Vest-Tyskland Musikmarkt LP Hit-Parade[29] 1
1987-utgåva
Liste Plassering
Nederlandsk MegaCharts[30] 53
UK Albums Chart[31] 60
2009-utgåva
Liste Plassering
Australia ARIA Albums[32] 41
Austrike Ö3 Top 40 Longplay (Albums)[33] 53
Belgia Ultratop 200 Albums (Flandern)[34] 26
Belgia Ultratop 200 Albums (Valonia)[35] 49
Danmark Tracklisten Album Top-40[36] 31
Nederland MegaChart[37] 87
Finland[38] 17
Italia FIMI-lista[39] 36
Japan Oricon-lista[40] 24
New Zealand RIANZ Albums[41] 25
Portugal AFP Top 50 Albums[42] 14
Spania PROMUSICAE Top 100 Albums[43] 59
Sverige Sverigetopplistan Albums Top 60[44] 17
Sveits - Hitparade Albums Top 100[45] 51
UK Albums Chart[31] 10

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Argentina (CAPIF)[46] 2× Platina 120 000x
Australia (ARIA)[47] Platina 70 000^
Brasil (ABPD)[48] Gull 100 000*
Canada (Music Canada)[49] 2× Platina 200 000^
Tyskland (BVMI)[50] Gull 250 000^
New Zealand (RMNZ)[51] Platina 15 000^
Storbritannia (BPI)[52] Platina 300 000^
USA (RIAA)[53] 6× Platina 6 000 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

BPI-sertfiseringa gjeld berre for sal etter 1994.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Unterberger, Richie. «The Beatles Rubber Soul». Henta 12. mars 2018. 
  2. Wayne Robins (31. mars 2016). A Brief History of Rock, Off the Record. Routledge. s. 109. ISBN 978-1-135-92345-7. 
  3. Christopher Bray (24. april 2014). 1965: The Year Modern Britain was Born. Simon & Schuster. s. 195. ISBN 978-0-85720-279-6. 
  4. Klosterman, Chuck (8. september 2009). «Chuck Klosterman Repeats The Beatles». The A.V. Club (Chicago). Arkivert frå originalen den 12. mars 2018. Henta 12. mars 2018. 
  5. Du Noyer, Paul (2004). «The Beatles Rubber Soul». Blender. Arkivert frå originalen 4. mai 2006. Henta 12. mars 2018. 
  6. Young, Alex (19. september 2009). «Album Review: The Beatles – Rubber Soul [Remastered]». Consequence of Sound. Henta 12. mars 2018. 
  7. McCormick, Neil (7. september 2009). «The Beatles – Rubber Soul, review». The Daily Telegraph (London). 
  8. Larkin 2006, s. 489.
  9. Graff & Durchholz 1999, s. 88.
  10. «The Beatles: Rubber Soul | Album Reviews». Pitchfork. 9. september 2009. Henta 12. mars 2018. 
  11. «The Beatles – Rubber Soul CD Album« > »Product Reviews». CD Universe/Muze. Henta 12. mars 2018. 
  12. Brackett & Hoard 2004, s. 51.
  13. 13,0 13,1 13,2 13,3 «The 500 Greatest Albums of All Time». Rolling Stone. Henta 12. oktober 2008. 
  14. Frank Steven Groen. «The Beatles - Rubber Soul». Henta 12. oktober 2008. 
  15. Tim Connors. «Fifth Dimension». Henta 12. oktober 2008. 
  16. David Holmes. «Ravi Shankar: Story of a Living Legend». Henta 12. oktober 2008. 
  17. Spitz, Bob (2005). The Beatles: The Biography. Little, Brown and Company (New York). ISBN 1-84513-160-6. 
  18. Lewisohn, Mark (1990). The Beatles: Recording Sessions . Three Rivers Press; Reprint edition. ISBN 978-0-517-58182-7. 
  19. «Beatles Timeline». Henta 12. oktober 2008. 
  20. Wenner, Jann S. Lennon Remembers: The Full Rolling Stone Interviews from 1970. Da Capo Press; New edition (Oktober 2000).
  21. The 100 Greatest British Albums Ever. Q. Vitja 12. oktober 2008.
  22. 2001 VH1 Cable Music Channel All Time Album Top 100. VH1. Vitja 12. oktober 2008.
  23. All-Time 100 Albums Arkivert 2007-11-09 ved Wayback Machine.. Time. Vitja 12. oktober 2008.
  24. Lewisohn 2000, s. 202–08.
  25. MacDonald 2005, s. 174–75.
  26. Kent, David (2005). Australian Chart Book (1940–1969). Turramurra, NSW: Australian Chart Book. ISBN 0-646-44439-5. 
  27. «Beatles« > »Albums». Official Charts Company. Henta 12. mars 2016. 
  28. Ovens, Don (dir. reviews & charts) (15. januar 1966). «Billboard Top LP's». Billboard: 32. Henta 12. mars 2018. 
  29. «Charts-Surfer: Liedsuche» (på tysk). charts-surfer.de. Henta 13. mai 2016. 
  30. «The Beatles – Rubber Soul». dutchcharts.nl. Henta 12. mars 2018. 
  31. 31,0 31,1 «Rubber Soul« > »Rubber Soul (1987 Version)« > »Chart Facts». Official Charts Company. Henta 12. mars 2018. 
  32. «The Beatles – Rubber Soul». australian-charts.com. Henta 12. mars 2018. 
  33. «The Beatles – Rubber Soul». austriancharts.at. Henta 12. mars 2018. 
  34. «The Beatles – Rubber Soul». ultratop.be. Henta 12. mars 2018. 
  35. «The Beatles – Rubber Soul». ultratop.be. Henta 12. mars 2018. 
  36. «The Beatles – Rubber Soul». danishcharts.com. Arkivert frå originalen 13. mars 2018. Henta 12. mars 2018. 
  37. «Dutch Album Top 100 (26/09/2009)». dutchcharts.nl. Henta 12. mars 2018. 
  38. «The Beatles – Rubber Soul». finishcharts.com. Henta 12. mars 2018. 
  39. «The Beatles – Rubber Soul». italiancharts.com. Henta 12. mars 2018. 
  40. ザ・ビートルズ«リマスター»全16作トップ100入り「売上金額は23.1億円」 [«All of the Beatles' 'Remastered' Albums Enter the Top 100: Grossing 2,310 Million Yen In One Week»]. Oricon Style (på japansk). 15. september 2009. Henta 12. mars 2018. 
  41. «The Beatles – Rubber Soul». charts.org.nz. Arkivert frå originalen 16. juli 2017. Henta 12. mars 2018. 
  42. «The Beatles – Rubber Soul». portuguesecharts.com. Henta 12. mars 2018. 
  43. «The Beatles – Rubber Soul». spanishcharts.com. Henta 12. mars 2018. 
  44. «The Beatles – Rubber Soul». swedishcharts.com. Henta 12. mars 2018. 
  45. «The Beatles – Rubber Soul». hitparade.ch. Henta 12. mars 2018. 
  46. «Discos de oro y platino» (på spansk). Cámara Argentina de Productores de Fonogramas y Videogramas. Arkivert frå originalen 6. juli 2011. Henta 15. august 2012. 
  47. «ARIA Charts – Accreditations – 2009 Albums». Australian Recording Industry Association. Henta 12. mars 2018. 
  48. «Brazilian album salstrofé – The Beatles – Rubber Soul» (på portugisisk). Associação Brasileira dos Produtores de Discos. Henta 12. mars 2018. 
  49. «Canadian album salstrofé – The Beatles – Rubber Soul». Music Canada. Henta 12. mars 2018. 
  50. «Gold-/Platin-Datenbank (The Beatles; 'Rubber Soul')» (på tysk). Bundesverband Musikindustrie. Henta 12. mars 2018. 
  51. «Latest Gold / Platinum Albums». Radioscope. 17 July 2011. Arkivert frå originalen 24. juli 2011. Henta 12. mars 2018. 
  52. «British album salstrofé – The Beatles – Rubber Soul». British Phonographic Industry. Henta 12. mars 2018.  Enter Rubber Soul in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  53. «American album salstrofé – The Beatles – Rubber Soul». Recording Industry Association of America. Henta 12. mars 2018.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]