Ruben S. Gjertsen
| Ruben S. Gjertsen | |||
| Fødd | 12. februar 1977 (49 år) | ||
|---|---|---|---|
| Fødestad | Volda kommune | ||
| Opphav | Noreg | ||
| Instrument | orgel | ||
| Verka som | komponist | ||
| Prisar | Arne Nordheims komponistpris, Spellemannprisen for årets komponist | ||
Ruben Sverre Gjertsen (fødd 12. februar 1977) er ein norsk organist og komponist av samtidsmusikk. Gjertsen vart fødd i Volda, men voks opp i Re kommune i Vestfold.[1]
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Gjertsen har studert innan orgelspel og komposisjon ved Griegakademiet i Bergen mellom 1996 - 2006. Han har også vore stipendiat ved akademiet, og vart tildelt Griegakademiets jubileumspris i 2006. Han har også jobba ein del som organistvikar i ymse kyrkjer. Frå 2007 - 2009 fekk han stipend for yngre kunstnarar. Frå 2008 - 2010 budde han i Berlin som frilanskomponist. Sidan 2010 har han arbeidt ved Griegakademiet.
Gjertsen gav ut si fyrste soloplate med samtidsmusikk, Grains i 2009.[2] Plata vann Spellemannprisen 2009 i klassen årets samtidskomponist. I tillegg vann Gjertsen Arne Nordheims komponistpris i 2010.[3]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- CV frå Ruben Gjertsen si offisielle nettside. Arkivert 2010-01-22 ved Wayback Machine.
- Referansar
- ↑ Kulturnett Vestfold om Gjertsen., arkivert frå originalen 9. mars 2016, henta 18. februar 2011
- ↑ Grains på Platekompaniet
- ↑ Re kommune: Arne Nordheims komponistpris til Ruben Sverre Gjertsen fra Re, arkivert frå originalen 4. mars 2016, henta 18. februar 2011