Hopp til innhald

Peter Paul Rubens

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Rubens)
Peter Paul Rubens

StatsborgarskapDei sørlege Nederlanda
Fødd28. juni 1577
Siegen
Død

30. mai 1640 (62 år)
Antwerpen

Yrkediplomat, kunstmålar, grafikar, grafikar, bygningstegner, bilethoggar, biletkunstnar
Språknederlandsk, tysk, italiensk, spansk
Medlem avAntwerpen Sankt Lukas Gilde
Religionkatolisisme
FarJan Rubens
MorMaria Pypelinckx
EktefelleIsabella Brant, Hélène Fourment
Peter Paul Rubens på Commons
Peter Paul Rubens - "Bortføringa av Leukippos døtrer" (1618-1620). Alte Pinakothek i München.

Den flamske målaren Peter Paul Rubens var si tids mest berømte nordeuropeiske kunstnar, og no er han ein av dei mest respekterte målarane i vestleg kunsthistorie.

Far hans vart forfølgd for den protestantiske, kalvinistiske overtydinga si, og etter hans død vart sonen jamvel oppdregen som katolikk. Denne konflikten kom til å prege kunsten hans.

Rubens sin kunst er prega av kjærleiken hans for monumentale former og dynamiske effektar. Mest kjem det fram i verka hans frå 1620-åra, mellom anna ein syklus beståande av 21 bilete over livet til Marie de Medici. I dag kan ein sjå desse bileta i Louvre i Paris.

Det siste tiåret av livet hans vende han seg mot portrett og landskap. Verka hans var ikkje lenger så dramatiske, men dei atterspegla den meisterlege kontrollen av detaljar og tekniske ferdigheiter.