Rubicon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kart over elveløpet som truleg var Rubicon

Rubicon (Rubico, på italiensk Rubicone) er eit gamalt latinsk namn på ei lita elv nord i noverande Italia. I romartida rann elva ut i Adriahavet mellom Ariminum og Caesena. Ein er ikkje viss på kva elv dette var, men vert rekna å ha vore den seinare Pisciatelloelva øvst og så Fiumicinoelva ned mot havet.

Elva var viktig i og med at det etter Romersk lov var forbode for ein general å kryssa elva med hæren sin frå nord.

Elva markerte grensa mellom den romerske provinsen Gallia Cisalpina i nord og det romerske kjerneområdet i sør. Lova hadde såleis som føremål å tryggja den romerske republikken mot militære trugsmål frå eigne styrkar.

Hærføraren Gaius Julius Cæsar gjekk over elva Rubicon i år 49 fvt. Hendinga skal ha funne stad den 10. januar etter romersk kalender. Cæsar forfylgde Gnaeus Pompeius Magnus med hæren sin, men braut samstundes romersk lov. Såleis var ei militær konflikt med det romerske senatet ikkje til å unngå.

I fylgje Suetonius sa Cæsar «terningen er kasta» (latin: iacta alea est) då han hadde teke avgjerda om å kryssa elva.

I ettertid har uttrykket «å gå over Rubicon» vorte ei nemning på det å ta eit avgjerande steg, eller ei risikofyld avgjerd som ikkje kan endrast.