Rubinstrupekolibri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rubinstrupekolibri
Rubinstrupekolibrihann
Rubinstrupekolibrihann
Rubinstrupekolibrihoe
Rubinstrupekolibrihoe
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigGrøn - hekkelokalitetar Oransje - trekkområde over land Blå - vinterkvarter
Grøn - hekkelokalitetar
Oransje - trekkområde over land
Blå - vinterkvarter
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Seglarfuglar Apodiformes
Familie: Kolibriar Trochilidae
Underfamilie: Trochilinae
Stamme: Mellisugini
Slekt: Archilochus
Art: Rubinstrupekolibri A. colubris
Vitskapleg namn
Archilochus colubris

Rubinstrupekolibri (Archilochus colubris) er ein liten kolibri som hekkar i Nord-Amerika og er den einaste kolibriarten som regelmessig hekkar austom Mississippielva. Han er trekkfugl, dei fleste overvintrar i Mellom-Amerika.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Rubinstrupekolibrien er 7-9 centimeter lang med eit 8–11 cm vengespenn og han veg ca. 3 gram. Vaksne er metallisk grøne på oversida og har gråkvit underside med nær svarte venger. Nebbet er langt, rett og veldig tynnt.

Arten syner kjønnsdimorfisme, vaksne hannar har ein raud halsflekk som kan bli svart under nokre lystilhøve og ein mørk gaffelforma hale. Hoa har ein mørk avrunda hale med kvite tuppar og generelt utan halsflekk, men nokre gonger kan ho ha ein ljos eller kvitaktig strupeflekk. Hannen er mindre enn hoa, og har eit noko kortare nebb. Dei myter ein gong i året, og byrjar mytinga under hausttrekket.

Habitat og utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Rubinstrupekolibrien har hekkehabitat gjennom heile det austlege USA, austom 100-meridianen, og på prærien i det sørlege Canada, i blanda lauvskog og furuskog og i skogbryn, frukthagar, og hagar. Hoa byggjer reiret på ein verna stad i ein busk eller eit tre.

Han er ein trekkfugl, lever mesteparten av vinteren i eit område som strekkjer seg frå sørlege Mexico, gjennom Mellom-Amerika så langt sør som til Panama, og kan dessutan treffast uregelbunde på Cuba i transitt.[1]

Åtferd[endre | endre wikiteksten]

Rubinstrupekolibriar lever einslege. Vaksne av denne arten kjem vanlegvis berre i kontakt med andre individ av arten for paring, og begge kjønn i alle aldrar forsvarer eit revir for å sikre tilgang på føde. Aggressiviteten blir størst på seinsommaren til tidleg haust når dei må feite seg for hausttrekket. Dette er viktig fordi dei som ein del av trekket, må flyge over Mexicogolfen. Det er ein prestasjon som lenge forbløffa forskarar, ettersom ein over 800 kilometer lang flyging utan stopp over hav tilsynelatande krev energi som langt overstig det som kroppsvekta til ein vaksen kolibri på 3 gram representerer. Seinare er det oppdaga at desse små fuglane nesten kan doble kroppsmassen sin som ei førebuing til å krysse Mexicogolfen. Den ekstra massen blir lagra som feitt, og han gjev fuglane nok energi for å gjennomføre denne fantastiske flyginga.

Dei er ofte aktive i løpet av dagen, og når temperaturen fell, spesielt på kalde netter, kan dei spare energi ved å gå inn i torpor, ein hypotermisk dvaletilstand.

Fordi dei har så liten ein kropp, er dei sårbare for insektetande fuglar og dyr.

Flyging[endre | endre wikiteksten]

Kolibriar har mange tilpassingar i skjelett og flygemusklar som gjer fuglen mykje smidig i flukt. Musklar utgjer 25-30 % av kroppsvekta, og kolibriar har lange, bladliknande venger som, i motsetnad vengene på andre fuglar, er kopla til kroppen berre i skulderleddet. Denne tilpassinga gjer at vengen er i stand til å rotere nesten 180 °, slik at kolibriar ikkje berre flyg framover, men òg bakover, og dei kan sveve framføre blomane når dei beitar på nektar og insekt.

Slagfrekvensen på vengene åt rubinstrupekolibriar under sveving er målt 55 gonger per sekund, 61 gonger per sekund når dei rører seg bakover, og opp til 75 gonger per sekund når dei flyg framover.

Diett[endre | endre wikiteksten]

Rubinstrupekolibri ved ein blome.

Hovudføda er sett saman av nektar frå blomar og blomstrande tre, små insekt og edderkoppar. Små leddyr er ein viktigare del av dietten til vaksne kolibriar enn det som tidlegare var allment anerkjent.[2] Kosthaldet kan òg tidvis omfatte tresaft tatt frå hòla etter sevjespettar. Kolibriar viser ein svak preferanse for raude, røyrforma blomar som nektarkjelde. Fuglane beitar frå blomar med ei lang utstikkande tunge, og fangar insekt i flukt eller plukkar dei frå blomar, blad, bork, og jamvel frå edderkoppnett.

Ungfuglar blir mata med insekt på grunn av proteininnhaldet, ettersom nektaren er ei utilstrekkeleg kjelde til protein for veksande kolibriar.

Forplanting[endre | endre wikiteksten]

Hannar kjem først til hekkeområda om våren og etablerer eit territorium. Når hoene er tilbake, vil hannane fri til hoer som kjem inn i territoriet deira ved å utføre oppvisingar. Rubinstrupekolibriar er tenkt å vere polygyniske, det vi seie at hannane parar fleire hoer som kjem inn på territoriet hans. Dei dannar ikkje hekkande par, og det er hoene aleine som gjev omsut for alle ungane.[3]

Reiret er bygd på ei lita bøygd grein, 10-20 meter over bakken. Hoene legg to kvite egg ca. 12,9 x 8,5 millimeter i storleik, og produserer 2, eller av og til 3 kull. Ungane blir mata med oppstøyt, frå 1 til 3 gonger kvar time, vanlegvis medan hoa svevar. Når dei er 22 til 25 dagar gamle, forlèt ungane reiret.

Vokalisering[endre | endre wikiteksten]

Rubinstrupekolibriar har læte med raske, pipande kvitringar, og blir brukt primært som truslar. Til dømes kan hannar vokalisere slik for å åtvare ein annan hann som har kome inn i territoriet hans.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Garrido, Orlando H.; Kirkconnell, Arturo (2000). Helms Field Guides: Birds of Cuba. London: Christopher Helm. ISBN 978-82-7852-073-4. 
  2. «Not All Sweetness and Light». Allaboutbirds.org. Henta 25. september 2011. 
  3. Lanny Chambers. «Ruby-throated Hummingbird». Hummingbirds.net. Henta 25. september 2011. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Rubinstrupekolibri