Rubjerg Knude Fyr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rubjerg Knude Fyr fotografert i 2004.
Utsyn frå fyrtårnet i april 2009.

Rubjerg Knude Fyr er eit nedlagt fyr på Rubjerg Knude i nærleiken av Lønstrup i Vendsyssel nord for LimfjordenJylland i Danmark, på Nørrejyske Ø. Fyret ligg på den høgste parten av Lønstrup Klint, ein om lag 15 kilometer lang skrent, klint, som ligg langs Nordsjøkysten mellom Lønstrup og Løkken. Det vart bygd i 1899, og teke ut or drift i 1968 av di det hadde vorte så mykje skjult av enorme mengder sand som vinden har lagt kring fyret i åras løp at det til sist ikkje kunne sjåast frå sjøen. Deretter vart det ståande til nedfalls. Etter kvart har sanddynene kring fyrtårnet vorte lågare. Men då tårnet står på morenegrunn som raser ut og ned på stranda ved å verte utvaska av regnvatn og av sjøen som bryt på under uvêr, vil det styrte ned skrenten og i havet med tida, kan hende i åra 2020-2023 eller tidlegare.

Dei gamle bygningane for fyrpersonalet har tidlegare vore innreidde til eit museum som gjorde greie for sandfluktproblematikken. Men museet måtte likeeins leggjast ned av di sanddynane byrja knuse bygningane. Den Sandflugtsudstillingen som bygningane hysa, finst no på Strandfogedgården i Rubjerg, som er ein part av Vendsyssel Historiske Museum.

Tårnet er 23 meter høgt og står på den høge moreneryggen Rubjerg Knude. Fyret var viktig for at skipa skulle få landkjenning i si tid, og då ljoset hadde ei høgd på 90 meter over havet, kunne det sjåast på lang lei. Rekkevidda på ljoset var om lag 42 kilometer. Linsesystemet roterte med ei fart av to omgangar i minuttet, og sendte på kvar omdreiing ut eit dobbeltblink og eit einskildblink, kvar på ein femtedels sekund. Ljoskilda var på 550 watt.

Fyrets linseapparat var laga av det franske firmaet Barbier & Bénard. Linsa var av tre fag, det vil seie tresida, og hadde 134 handslipte prisme. Linsefaga var plassert på eit lag av kvikksølv for å redusere friksjonen under rotasjonen til eit minimum. Til å byrje med vart systemet drive rundt av eit urverk som skulle trekkjast opp om lag kvar tredje time. Då fyret vart take ut or bruk, vart linsene demonterte og grave ned i sanden ein eller annan stad.

Tåkeluren[endre | endre wikiteksten]

Fyret var frå fyrste stund utstyrt med ein tåkelur i femten meters høgd over jorda på den vestlege sida av fyrtårnet, altså ut mot havet, for åtvare skip som var kome for nær land i skodda. Luren rauta i samsvar med blinka til fyret, altså eit støyt og eit dobbeltstøyt kvart minutt. Dette vart styrt av eit urverk som regulerte lufta til luren, og dette urverket skulle likeeins trekkjast opp. For å skaffe trykklufta til luren, stod det i maskinhuset to gassmotorar på 12 hestekraftar kvar til å drive kompressorane, og i botn av tårnet stod ein trykktank for den komprimerte lufta. I 1908 vart gassmotorane utskifta med to 10 hk petroleumsmotorar, og i 1934 vart desse erstatta med to dieselmotorar. Men i 1953 vart tåkeluren teke ned av di sanddynene framfor fyret hadde vorte så høge at dei hindra luren i å kunne høyrast ute på havet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]