Hopp til innhald

Rud Elektro AS

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Rud Elektro vart etablert i 1991, og vart eit heileigd dotterselskap av Tussa i 2009. Rud Elektro har om lag 30 tilsette, og leverer elektrotekniske installasjonar til bustader, maritime anlegg og industri- og næringsbygg. Rud Elektro leverer også ulike svakstrauminstallasjonar, og driv service og vedlikehald av eksisterande anlegg. Rud Elektro har kontor i Ulsteinvik.