Rudawa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rudawa ved Stanisław Wyspiański.
Rudawa og det omliggande landskapet.

Rudawa er ei elv i Veslepolske voivodskap i Polen, og ei sideelv til Wisła. Rudawa munnar ut i Wisła i Kraków nær bydelen Zwierzyniec. I Krakow er det bygd kunstige elvebreidder for å kontrollere elva. Rudawa er òg ei av drikkevasskjeldene i Kraków.

Kvart vår vert det halde ein festival under påskehøgtida ved munningen til Rudawa. Elva renn gjennom eit flott landskap, mellom anna parken Tenczyński, 11 km vest for Kraków.

Ho har ei lengd på 35,4 km og eit nedslagsfelt på 318,3 km². Dei største busetnadane ho renn gjennom er Krzeszowice, Rudawa, Zabierzów og Kraków. Dei største sideelvane hennar er Będkówka, Kobylanka, Kluczwoda, Wierzchówka og Potok Olszanicki.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen som har med Polen å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.