Ruderatmark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ruderatmark ved industriområde, Världens ände i Ystad.

Ruderatmark (frå latin rudera ruin) eller skrapmark er ei mark som ofte blir forstyrra av menneskeleg aktivitet. Dette gjer at marka ofte ligg open, utan dekkande vekstar. Eksempel på dette er opplagsplassar, grusgangar, hamner, industritomter og søppelfyllingar. Ruderatmark er bra grobotn for vekstar som har spesialisert seg på ein kort livssyklus og intensiv formeiring, slike vekstar som ein gjerne ser på som ugras. Ruderatmark inneheld ikkje sjeldan forvilla hagevekstar og andre eksotiske artar. Visse former av ruderatmark vert sett pris på av fuglar, spesielt vintertid, og ein har mange gonger funne uvanlege artar på slike område.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]