Rudi Gard

Koordinatar: 61°34′36.59″N 9°54′29.24″E / 61.5768306°N 9.9081222°E / 61.5768306; 9.9081222
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

61°34′36.59″N 9°54′29.24″E / 61.5768306°N 9.9081222°E / 61.5768306; 9.9081222

Nedre Rudi

Rudi Gard er ein gard i Sør-Fron som er særskilt kjend for kulturverksemd i form av konsertar, teater, revy, utstillingar og servering.

Garden er omtalt i 1319, og historia frå 1600-talet av skal vere godt dokumentert.[1] Garden har i periodar vore delt, ein har drive skogsdrift og bureisingsbruk har vorte rydda. Ei seter ved Gålå vert i dag leigd ut til overnatting, og verksemda er prega av bygdeturisme med servering og kulturarrangement.

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Garden er tildelt Olavsrosa av Norsk Kulturarv og har elles motteke ei rekkje prisar for verksemda. Vertskapet Nina og Øystein Rudi vann Storegutprisen i 2009.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Garden sin nettstad, arkivert frå originalen 24. oktober 2013, henta 5. september 2013 
  2. «Storegutprisen til Rudi gard». Noregs Mållag. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]