Rudi Smidts
| Personleg informasjon | |||
|---|---|---|---|
| Fullt namn | Rudolf Smidts | ||
| Fødd | 12. august 1963 (62 år) | ||
| Fødestad | Deume i Belgia | ||
| Høgd | 178 cm | ||
| Posisjon | Venstreback, Midtback | ||
| Seniorkarriere* | |||
| År | Lag | Kampar | (Mål) |
| 1984–1997 | Royal Antwerp | 425 | (13) |
| 1997–1998 | Charleroi | 31 | (1) |
| 1998–1999 | Germinal Ekeren | 32 | (2) |
| 1999–2000 | Beerschot | 29 | (0) |
| 2000–2002 | Mechelen | 42 | (0) |
| 2002–2004 | KFC Schoten | 26 | (0) |
| Totalt | 585 | (16) | |
| Landslag | |||
| 1992–1997 | Belgia | 33 | (1) |
| * Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga | |||
Rudolf Smidts, kjend som Rudi Smidts, (fødd 12. august 1963) er ein belgisk tidlegare fotballspelar og -trenar frå Deurne. Han spelte meir enn 10 år på Royal Antwerp og deltok i 33 landskampar for dei raude djevlane, kallenamnet til Belgias fotballandslag.
Klubbspel
[endre | endre wikiteksten]Smidts var venstreback på Royal Antwerp i tida 1984-98. Særs godt spelte han frå då han nærma seg 30 år. Han vert rekna som ein av dei beste sidebackane i soga til Antwerpen-klubben. Høgdepunkta som klubbspelar kom i 1992 og 1993. Den 7. juni 1992 vann Royal Antwerp den belgiske cupmeisterskapen mot KV Mechelen, etter 2-2 i spel og 9-8 i straffeskyting. Våren etter tok dei belgiske cupvinnarane seg til finalen i Cupvinnarcupen, på Wembley stadion i London vart det tap 1-3 mot Parma FC.
Landslagsspel
[endre | endre wikiteksten]Smidts deltok i 33 landskampar for Belgia i tida 1992-97. Han skåra eitt einaste landslagsmål, sigersmålet då Belgia på heimebane 14. oktober 1992 slo Romania 1-0, i det som var Smidts andre kamp i landslagstrøya. Han spelte i alle fire kampane til Belgia under VM i fotball 1994 i USA.
Merittar
[endre | endre wikiteksten]- Cupvinnar i Belgia: 1992 med Royal Antwerp
- Finaletap i cupvinnarcupen: 1993 med Royal Antwerp
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Rudi Smidts» frå Wikipedia på nederlandsk, den 2. april 2019.