Rudolf Diels

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.


Rudolf Diels
Bundesarchiv Bild 183-K0108-0501-003, Rudolf Diels.jpg
Fødd 16. desember 1900

Preussen

Død 18. november 1957
Katzenelnbogen
Parti NSDAP
Gestapo-inspektøren Rudolf Diels talar til ei gruppe politiske fange i konsentrasjonsleiren Esterwegen i det dei får amnesti til jul 1933.
Foto: Deutsches Bundesarchiv

Rudolf Diels (16. desember 190018. november 1957) var ein tysk politikar. Han var sjef for Gestapo i det nazistiske Tyskland, 1933-34.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Rudolf Diels var bondeson, fødd i Berghaus i Taunus i Hessen i Tyskland. Han tok abitur i Wiesbaden i 1917 og melde så seg som frivillig til krigsteneste i den tyske armeen i slutten av Den fyrste verdskrigen Ved slutten til krigen hadde teneste i ein fjernmeldeenhet i Hagenau i Alsace.

Deretter studerte han jus ved universitetet i Marburg.

Tidleg karriere[endre | endre wikiteksten]

Etter bestått første juridiske eksamen i 1920 var Diels regjeringsreferendar i Kassel. Han avla annan statseksamen i 1924, og hadde følgde stillingar som regjeringsassessor i Neuruppin, Teltow og Peine.

Han vart tilsett i det prøyssiske innenriksministeriet i 1930 og vart raskt forfremja til rådgjevar med ansvar for undertrykkinga av dei politiske radikale gruppene (Dezernent zur Bekämpfung der kommunistischen Bewegung) i den politiske avdelinga til politiet. Same år gifta han seg med sin (første) hustru Hildegard Mannesmann.

Hans karriere fekk fart på seg ved hans eigen kløktige manøvrering. Diels spilte gruppa rundt Franz von Papen og Kurt von Schleicher informasjonar om ei samtale mellom statssekretær Wilhelm Abegg (Diels’ føresatte) og KPD-politikarane Wilhelm Kasper og Ernst Torgler. Desse informasjonane – som attga samtalane i forvrengt form og som òg vart tilsend pressa – skulle leggja grunnlaget for påstand om at den prøyssiske regjeringa konspirerte med kommunistane, og vart eit bra påskudd for innsettelse av ein rikskommisar i Preussen.

I august 1932 vart Diels forfremma til Oberregierungsrat – ein slik post til ein såpass ung mann var uvanleg, og ved utnevnings vart fleire eldre og meir erfarne gløymt. Same år overtok Diels leiinga av den politiske avdelinga til det prøyssiske politi. Frå 1930 stod Diels allereie i kontakt med Franz von Papen og dessutan med nasjonalsosialistene, i slutten av 1932 knytte han direkte kontakt med Hermann Göring, som han gav informasjon om kommunistar og sosialdemokratar.

Under nazitiden[endre | endre wikiteksten]

Etter den nasjonalsosialistiske maktovertakelsen i januar 1933 vart Diels sjef for det prøyssiske politiet i Berlin.

Hermann Göring vart statsminister i Preussen utnemnde han Diels til sjef for det nye Prøyssiske statspolitiet, fyrst kalla departement 1A, som seinare vart til Gestapo. Gestapo hadde ansvaret for dei politiske fangane og etter riksdagsbrannen hadde han ei sentral rolle som hovedutspørrer av den seinare dødsdømte Marinus van der Lubbe som fekk skulda for Riksdagsbrannen.

Heinrich Himmler overtok ansvaret for Gestapo, vart Diels fråteke stillinga og vart i staden Regjeringspresident i Köln fram til 1936 der han kom i konflikt med Gauleiter Josef Terboven og vart overført til tilsvarande posisjon i Hannover frå 1936 til 1944. Diels var ein kontroversiell person under det nasjonalsosialistiske og vart fleire gonger redda av Hermann Göring. I 1940 nekta han å arrestera jødar og i 1943 fekk han problem med Gestapo og vart arrestert to gonger i 1944 (våren og i november).

Etter annan verdskrig[endre | endre wikiteksten]

Diels vart arrestert og internert 3. mai 1945. Frå hausten 1945 til sommaren 1947 fungerte han som vitne under Nürnbergprosessen. I 1949 publiserte han sjølvbiografien Lucifer ante Portas: Es spricht der erste Chef der Gestapo.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Lucifer Ante Portas: Von Severing bis Heydrich, memoara til Diels, kom ut i 1950