Rudolf Ræder

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Rudolf Ræder
Rudolf Falck Ræder, Stortingsarkivet.jpg
Fødd10. juni 1881
Kongsvinger
Død5. august 1951
Trondheim
Statsborgar avNoreg
PartiSenterpartiet, Frisindede Venstre
Yrkepolitikar, ingeniør

Rudolf Falck Ræder (10. juni 18815. august 1951) var ein norsk bygningsingeniør og politikar frå Kongsvinger. Han var stortingsrepresentant 1931-36 frå valkrinsen Trondheim og Levanger, vald for Frisinnede Folkeparti.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Far til Ræder var kaptein i infanteriet. Sjølv tok han i 1901 examen artium ved Aars og Voss-skulen i Kristiania og var frå 1902 vernepliktig offiser. Sidan studerte han 1905-06 til bygningsingeniør ved Trondhjems Tekniske Læreanstalt og 1906–07 vidare ved Eidgenössische polytechnische Schule i Zürich. Jamsides studiane var han i 1905 assistentingeniør ved Thamshavnbanen og i 1906 deltok han i bygginga av luftskipshallenDanskøya i høve Walter Wellman sin polarekspedisjon.

I 1908-09 var Ræder oppsynsmann då Nedre Lerfoss Elektrisitetsverk vart utbygt. Frå 1909 var han tilsett i Vassdragsvesenet, fyrst som ingeniørassistent og sidan 1914 som avdelingsingeniør. Åra 1917-19 var han byggeleiar då Hasselelvens Elektrisitetsverk vart bygt og 1920-21 driftsstyrar ved same. Perioden 1921-31 arbeidde han som overingeniør ved Sør-Trøndelags elektrisitetsforsyning. Frå 1931 dreiv han eige ingeniørfirma i Trondheim. Yrkeslivet avslutta han som rådmann i Trondheim kommune 1939–41.

Ræder var styremedlem 1925-30 i Fedrelandslaget i Trondheim og 1930-33 i Trondheim Frisinnede Venstre. Frå 1931 til -36 representerte han kjøpstadane Trondheim og Levanger på Stortinget, sat hele tida i Skog- og vassdragskomitéen. Partiet hans søkte alternative politiske løysingar på den økonomiske krisa i mellomkrigstida, noko som marginaliserte det i opinionen.

I Frisinnede Folkeparti var Ræder medlem av hovudstyret, nestformann 1933–36 og formann 1936–37. Frå 1934 var han den einaste stortingsrepresentanten til partiet. I 1936 var partiet i oppløysing nasjonalt, partilaget i Trondheim tok då kontrollen og flytta hovudkontoret frå Oslo til Trondheim. Hausten 1936 vann Ræder nominasjonsprosessen mot den yngre John Lyng, men partiet mista sitt siste stortingsmandat.

Under den andre verdskrigen, den 2. mars 1943, vart Ræder arrestert og sat der etter internert på Vollan, Falstad, Grini og Mysen fram til frigjeringa i 1945.

Ræder er gravlagd i Oslo.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Stortingsbiografi