Rudolf Rocker

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rudolf Rocker

Rudolf Rocker (25. mars 187319. september 1958) var forfattar, historikar og anarkosyndikalist.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Ei gruppe jødiske anarkistar i London, mellom dei Rudolf Rocker

Rocker vart fødd i Mainz i Tyskland i 1873. Han vart først på 1890-talet med i SPD, men gjekk snart ut att, da han var utilfreds med den dogmatiske haldninga han meinte å finne der. Medan han gjekk i bokbindarlære, kom han i kontakt med anarkistiske idear.

I 1893 måtte han som opposisjonell fare frå landet, og han emigrerte til Paris, der han vart verande til 1895. Sidan fór han til London, nærmare bestemt til Whitechapel, der han budde i det jødiske kvarteret. Der var han aktiv i anarkistrørsla, og han vart kjend med Pjotr Kropotkin.

Rocker begynte å skrive for den jiddisch-språklege avisa Det frie ordet, der han først skreiv på tysk, og fekk andre til å omsetje tekstane. Medan han arbeidde der, lærte han seg etter kvart jiddisch sjølv.

Sidan gav han ut avisa Arbeidarvennen (på jiddisch Arbeter-Fraynd) og tidvis teoritidsskriftet Germinal. Arbeter-Fraynd skulle bli organ for ein føderasjon av jødiske anarkistar som vart skipa i Whitechapel i 1902. Rocker representerte denne føderasjonen mellom anna under den internasjonale anarkistkongressen i Amsterdam.

Under første verdskrigen vart Rocker som tyskar internert i England, og avisa vart forboden. Etter krigen fór han tilbake til Tyskland, der han var med i den anarkosyndikalistiske rørsla som var ved å vekse fram.

Hans Prinzipienerklärung des Syndikalismus vart grunnlaget for Freie Arbeiter-Union Deutschlands (FAUD). I 1922 var han sentral i grunnlegginga av Internasjonale Arbeidarassosiasjon (IAA), der han vart ein av sekretærane.

Teksten hans Der Bankrott des russischen Staatskommunismus (1921) inneheldt ein anti-leninistisk kritikk av sovjetregimet. I tida som følgde kom ei rekkje med brosjyrer med tekstar frå Rocker ut på forlaget Der Syndikalist - Fritz Kater, tekstar som i hovudsak dreidde seg om syndikalistisk teori.

I 1933, etter maktovertakinga til nazistane, måtte Rudolf Rocker på ny fare frå Tyskland for å unngå politisk forfølging. Han fór til USA, og drog saman med sambuaren Milly Witkop til ein stad nær der sonen Fermin Rocker budde.

I eksil vart i 1937 det viktigaste verket hans, Nationalism and Culture, ferdig. Etter andre verdskrigen gjekk Rocker inn for ei pragmatisk linje i anarkistrørsla, noko som førte til ein del kritikk frå eigne rekkjer.

Rudolf Rocker var til sin død i USA i 1958 aktiv som libertær forfattar. Han døydde nær Crompond, Westchester County i New York.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • Der Bankerott des russischen Staatskommunismus. Verlag Der Syndikalist: Berlin 1921. Wiederabdruck als: Rudolf Rocker, Emma Goldman: Der Bolschewismus: Verstaatlichung der Revolution. Underground Press (später Kramer Verlag), Berlin 1968.
  • Aus den Memoiren eines deutschen Anarchisten. (Hg.: M.Melnikow/H.P.Duerr) Suhrkamp, Frankfurt 1974, ISBN 3-518-00711-4
  • Nationalismus und Kultur (Hg.: Heiner M. Becker) Münster 1999 ISBN 3-930819-23-6.
  • Die Entscheidung des Abendlandes. 2 Bände (1949 Hamburg). (Bei diesem Titel handelt es sich um dieselbe Ausgabe, die später als Nationalismus und Kultur erschienen ist).
  • Anarcho-Syndicalism (Original London 1938). (Pluto Press, London 1989: Preface by Noam Chomsky, Introduction by Nicolas Walter ISBN 0-7453-1387-6). Auszugsweise auf deutsch: „Anarcho-Syndikalismus“ in: Achim v. Borries/Ingeborg Brandies: Anarchismus. Theorie Kritik Utopie Metzer Verlag, Frankfurt 1970. (Seite 281-298).
  • Aufsatzsammlung Band 1: 1919-1933 (darin u.a.: Keine Kriegswaffen mehr!(Erfurt 1919)); Band 2: 1949-1953. Verlag Freie Gesellschaft, Frankfurt 1980.
  • Johann Most - Das Leben eines Rebellen. Verlag Der Syndikalist, Berlin 1924.
  • Hinter Stacheldraht und Gitter. Verlag Der Syndikalist, Fritz Kater, Berlin 1925.
  • Heinrich Heine. Ein deutscher Dichter als Prophet. Edition Anares, Bern 2006.

Sekundærlitteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Peter Wienand: Der „geborene“ Rebell. Rudolf Rocker Leben und Werk. Kramer Verlag, Berlin 1981.
  • William J. Fishman: The Ascendancy of Rudolf Rocker. In: East End Jewish Radicals 1875-1914 London 2004, S. 229-310.
  • Hans Manfred Bock: Syndikalismus und Linkskommunismus von 1918 bis 1923. Darmstadt 1993. ISBN 3-534-12005-1
  • Mina Graur: An Anarchist “Rabbi”. The Life and Teachings of Rudolf Rocker. New York/Jerusalem 1997. ISBN 0-312-17273-7
  • Folkert Mohrhof: Rudolf Rocker und die soziale Befreiung. Zur Aktualität des Anarchosyndikalismus am Beispiel seines deutschen Vertreters. In: Wolfram Beyer (Hg.): Anarchisten. Berlin 1993.
  • Hartmut Rübner: Freiheit und Brot. Die Freie Arbeiter-Union Deutschlands (FAUD). Eine Studie zur Geschichte des Anarchosyndikalismus. Libertad Verlag Berlin/Potsdam 1994.
  • Hartmut Rübner: »Eine unvollkommene Demokratie ist besser als eine vollkommene Despotie«: Rudolf Rockers Wandlung vom kommunistischen Anarchisten zum libertären Revisionisten. In: Archiv für die Geschichte des Widerstandes und der Arbeit 15. 1998, S. 205-226.
  • Helge Döhring: Der Kampf der Kulturen gegen Macht und Staat in der Geschichte der Menschheit. (Eine Ausarbeitung zu Rudolf Rockers Werk Nationalismus und Kultur) Broschüre Syndikat A/FAU MAT, Moers 2002.
  • Fermin Rocker: East End. Eine Kindheit in London. Münster 1993. ISBN 3-927982-21-0

Film[endre | endre wikiteksten]

  • Rudolf Rocker: Buchbinder und Anarchist. Regie: Christian Hohoff, Skript/Buch: Christian Hohoff und Michael Münch, Produktion der DKF GmbH (Dokumentar- und Kulturfilm, Michael Münch). Der Film lief im Fernsehen im Südwestfunk/SWF 1988. Länge: 45 Minuten. (Der Film ist eine Spurensuche anhand der Lebensstationen von Rudolf Rocker: Mainz; Emigration nach London und dortige Organisierung und Bildungsarbeit der vor allem anglo-jüdischen Arbeiter in der Gewerkschaft, Streiks für soziale Rechte; Internierung während des Ersten Weltkrieges, Abschiebung nach Deutschland, Aufbau der anarchosyndikalistischen Gewerkschaft FAUD, Gründung der anarchosyndikalistischen Internationale IAA, Flucht und Emigration in die USA).
  • Nicht aus der Haut- ein Film über Fermin Rocker. Dokumentarfilm 2004, 27min OmeU, von Angelika Waniek und Karin Schlicht. Der Maler Fermin Rocker (1907-2004) erzählt in diesem Dokumentarfilm über sein Leben und spannt dabei den Bogen von seiner Kindheit im East End, als Sohn von Rudolf Rocker und Milly Witkop, bis zu seiner Zeit in Berlin und New York.

Sitat[endre | endre wikiteksten]

  • „Der Sozialismus wird frei sein oder er wird nicht sein.“ Rudolf Rocker (in: Zur Geschichte der parlamentarischen Tätigkeit in der modernen Arbeiterbewegung. Berlin Verlag der Freie Arbeiter o.J. (1919). Zuletzt als: Parlamentarismus und Arbeiterbewegung Verlag Freie Gesellschaft (1978).
  • „Der Gedanke der Diktatur ist nicht der sozialistischen Ideenwelt entsprungen. Er ist kein Ergebnis der Arbeiterbewegung, sondern eine verhängnisvolle Erbschaft der Bourgeoisie, mit der man das Proletariat beglückt hat. Er ist eng verbunden mit dem Streben nach politischer Macht, das gleichfalls parteibürgerlichen Ursprungs ist. Die Diktatur ist eine gewisse Form der Staatsgewalt, es ist der Staat unter der Herrschaft des Belagerungszustandes. Wie alle anderen Anhänger der Staatsidee, gehen auch die Befürworter der Diktatur von der Voraussetzung aus, dass man das angeblich Gute und zeitlich Notwendige dem Volke von oben her diktieren und aufzwingen könne. Diese Voraussetzung allein macht die Diktatur zum ausgesprochenen Hindernis der sozialen Revolution, deren eigentliches Lebenselement die direkte Initiative und konstruktive Betätigung der Massen ist.“ Rudolf Rocker (in: Der Bankerott des russischen Staatskommunismus. Berlin 1921. Auflage 1968: Seite 106).
  • „Die nationale Fahne deckt jedes Unrecht, jede Unmenschlichkeit, jede Luege, jede Schandtat, jedes Verbrechen.“ Rudolf Rocker
  • „Rudolf Rockers Buch Nationalismus und Kultur ist ein wichtiger Beitrag zur politischen Philosophie … Ich denke, es wird in Ländern, in denen unvoreingenommenes Denken noch nicht illegal ist, viele Leser finden.“ Bertrand Russell
  • „Ich finde das Buch (Nationalismus und Kultur) außerordentlich originell und aufklärend. Es werden in demselben viele Tatsachen und Zusammenhänge in neuartiger Weise überzeugend beleuchtet.“ Albert Einstein

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Rudolf Rocker

Verk av og om Rudolf Rocker i katalogen til det tyske nasjonalbiblioteket

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Den tyskspråklege wikipediaen, art. med same namnet, som lesen 11. mars 2009.