Rudolf Steinerskolen i Bergen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Steinerskolen i Bergen

Rudolf Steinerskolen i Bergen er ein steinerskule på Paradis i Bergen med 13 klassetrinn, frå fyrste til trettande klasse.

Skulen vart skipa i 1929 med ein fyrsteklasse i ein privat villa i Kalvedalsveien i 1929 i Bergen, med Borghild Tunold som lærar. I 1933 flytta skulen inn i ein gamal villa på Seiersbjerget, i 1935 til større lokale i Vestre Torvgate i Bergen sentrum, ein leigegard utan eigen skuleplass, og i 1954 til eit innkjøpt hus i Villaveien 5 på Nygårdshøyden i Bergen sentrum, som vart ombygd til skule.

I 1969 kunne skulen flytte inn i eigne skulebygg på den noverande adressa i Rieber Mohnsvei på Paradis sør for Bergen sentrum, og vart utvida til òg å ha ungdomsskule. I 1982 kom det til enda eit nybygg på dette området, og 2004 enda eitt, no for vidaregåande trinn og administrasjonen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Internettsida for Rudolf Steinerskolen i Bergen Arkivert 2011-01-14 ved Wayback Machine.