Rudolph Minkowski

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rudolph Minkowski
Minkowski,Rudolph 1934 London.jpg
Fødd 28. mai 1895(1895-05-28)
Strasbourg, Det tyske keisarriket
Død 4. januar 1976 (80 år)
Berkeley i California
Nasjonalitet Tyskland
Område astronomi
Yrke astronom, astrofysikar
Institusjonar Palomar-observatoriet
Alma mater Universitetet i Wrocław
Kjend for supernovaer
Utmerkingar Brucemedaljen i 1961

Rudolph Minkowski (fødd 28. mai 1895 som Rudolf Leo Bernhard Minkowski, død 4. januar 1976) var ein tysk-amerikansk astronom.[1]

Minkowski var professor ved universitetet i Hamburg 1931–1935, astronom ved Mount Wilson og Palomar-observatoriet 1935–1960. Han er særleg kjend for undersøkingane sine av supernovaer, planetariske tåker og radiokjelder og identifikasjonen deira.

Minkowski var son av legen Oskar Minkowski. Han var medoppdagar av Apollo-asteroiden 1620 Geographos, og oppdaga den planetariske tåka M2-9.

Han vann Brucemedaljen i 1961. Krateret Minkowskimånen er namnsett etter han og onkelen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Kuhi, Leonard V. (March 1976). «Rudoph L. Minkowski». Physics Today 29 (3): 78–80. doi:10.1063/1.3023389.