Rudselva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rudselva sett sørover frå Olde bru

Rudselva eller Rudsvassdraget er ei lita elv i Ringerike kommune. Elva renn gjennom Brekkebygda, nordvest for Sokna i Soknedalen, og har utløp nord i Torevannet ved Sokna.

Rudsvassdraget, som i sør òg omfattar Torevannet og Verkenselva til denne renn ut i Sogna ved Sokna, renn gjennom fleire mindre innsjøar, som Langvannet og Breivannet, samt Setertjern, Nordtjern og Vettertjern, samt småelvane mellom, frå og med Gjuvdammen.

Rudsvassdraget er eit populært område for både jakt og fiske. Aure på omring 1 kg er ikkje uvanleg, men ein kan òg få både åbor, sik, karrus og røye der. I 2003 vart det til dømes fanga ein aure i garn på 3,7 kg i Torevannet. Langs vassdraget finst òg fleire flotte badeplasser.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]