Rufiji

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Rufiji
elv
SelousSandRivers.jpg
Land Flag of Tanzania.svg Tanzania

Rufiji
8°0′0″ S 39°19′0″ E
Wikimedia Commons: Rufiji River

Rufiji er den lengste elva i Tanzania. Ho spring ut austom Malawisøen og munnar ut i Indiahavet kring 200 km sør for Dar-es-Salaam ved Mafiakanalen og Mafiaøya. Elva er delvis seglbar, i alle fall fram til Kidatu-demningen. Delar av det øvre løpet til elva, mellom Kidatu og Mufindi, er meir eller mindre parallelt med jernbanesporet til Tanzania-Zambia-jernbanen.

Næringsliv langs elva[endre | endre wikiteksten]

Rufiji i Selous viltreservat

I Rufijideltaet ligg 41 % (53 000 ha) av all mangroveskogen i Aust-Afrika. Elva er oppdemma ved Kidatu, men elles uregulert, og store delar renn gjennom det store Selous viltreservat. Området er derfor relativt upåverka av menneskeleg aktivitet. Deltaet er rikt på fisk, reker og krabbar året rundt. Dei viktigaste næringsvegar for lokale er risdyrking og hogst i mangroveskogen. Det bur kring 21 000 menneske i Rufijideltaet, og tre firedelar av dei dyrkar ris til sjølvforsyning. Vanskelege transportforhold bidreg til at deltabefolkninga har problem med å driva handel med fastlandet, og regionen er derfor blant dei fattigaste i Tanzania.

I den sentrale delen av elva, ved Kidatu, blei det bygd ein demning og eit større vasskraftverk på 1970-talet.

Ved den øvre delen av elva, i Mufindi, blei det bygd ein cellulose- og papirfabrikk, Mufundi Pulp and Paper Mill, på 1980-talet. Den finske ulandshjelpen FINNIDA støtta dette prosjektet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]