Rugbrød

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Heimebakt rugbrød.

Rugbrød er ulike brødtypar bakt med større eller mindre mengder rugmjøl, som kan vera grovt eller halvsikta. Rugbrød er gjerne mørkare på farge og meir fiberrikt enn typiske kveitebrød. Rug har historisk vore særleg utbreidd nord og aust i Europa, og her finn ein også rike rugbrødtradisjonar. Dansk rugbrød, islandsk rúgbrauð, tysk pumpernickel og russisk borodinskijbrød er nokre døme på slike tradisjonar.

Rug var lenge rekna som fattigmannskost som mange valde bort om dei kunne, sjølv om rugbrød også har stått sterkt i ein del tradisjonar. Etterkvart som ein forstod den høge næringsverdien til rug betre, har kornslaget blitt meir utbreidd att.[1] I dag kan ein finna rugbrød på menyen til fine restaurantar.[2]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Holtet, Einar Kr. (19. november 2016), «Rug», Store norske leksikon, henta 12. mars 2017 
  2. Meny Restaurant Finstua, Frognerseteren, henta 12. mars 2017 ; Middagsmeny, Stock Oslo, arkivert frå originalen 14. mars 2017, henta 12. mars 2017 ; Menyen STOCK Restaurant (PDF), Theatercafeen, arkivert frå originalen (PDF) 13. mars 2017, henta 12. mars 2017 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikikokeboka har oppskrifter for: Grovt rugbrød