Rulleskeiser

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Inline-skøyter på ein innandørs slalåmbane

Rulleskeiser har ei utforming som liknar skeiser, men i staden for eit blad til å gå på is med, er det festa hjul under dei.

Rulleskeiser finst i tre hovudformer. Den eine er quad skates, som har fire hjul på kvar skøyte, to og to parvis. Desse kan stå rett opp og ned i seg sjølv. Den andre typen er inline skates, som har fire eller fleire hjul under i ei rekkje. Desse er meir tilpassa same gangmåte og teknikkar som isskeiser, og den tredje er aggressive inline, med små hjul og stiv og solid sko som vert nytta i rampe eller til å trikse med.

Dei siste åra har det komme ein ny variant som ligg mellom vanleg inline og aggressive når det gjeld hjulstorleik og stivleik. Denne varianten går under namnet «FreeSkates» og er populær blant dei som vil ha ei skeise som er solid for å tole hopp og triks og samtidig lett å manøvrere. «FreeSkates» høver godt for inline hockey, rollersoccer og freestyle skating.

Bruk av rulleskeiser er ei form for hjulsport, akkurat som bruk av skateboard.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]