Rumál

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Rumal)
To unge sikhar. Guten til venstre ber rumál og den eldre guten ber ein enkel turban.

Rumál (panjabi ਰੁਮਾਲ [rumāl], frå persisk , 'fjes' og māl 'tørking') er eit indisk ord for 'lommetørkle'. Det viser ofte til eit eit tørkle brukt som hovudplagg for å gå inn ein heilag stad innan sikhismen og i nokre delar av hinduismen. Rumálen blir bruka av mannlege sikhar som klipper håret sitt så vel som av andre mannlege gjester når dei besøkjer ein gurdvara.

Rumál kan minna om ein bandana. Ein tek han på seg ved å stappa tørklesidene bak øyro og bretta det bak over hovudet. Å dekkje hovudet er eit teikn på respekt i sikhismen, og om ein mann ikkje ber turban, lyt han ha på seg ein rumál føre han går inn i gurdvaraen. Hinduiske sindhiar brukar rumálen på ein liknande måte.

I dei fleste gurdvaraer finst det ei korg med rumálar utanfor som gjester kan bruke. Om gurdvaraen ikkje har noka slik korg med rumálar, er eit reint og enkelt lommetørkle det mest passande å bruke.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]