Rumana i Israel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rumana
רומאנה, رمانة
landsby
Namneopphav: «Granateple» (Rimmon)[1]
Land  Israel
Distrikt Nord
Kommune al-Batuf
Koordinatar 32°47′17″N 35°18′38″E / 32.78806°N 35.31056°E / 32.78806; 35.31056
Folketal 1 034  (2011)
Kart
Rumana i Israel
32°47′17″N 35°18′38″E / 32.788055555556°N 35.310555555556°E / 32.788055555556; 35.310555555556
Wikimedia Commons: Rumana

Rumana (arabisk رمانة, hebraisk רֻמָּנָה, רומאנה) er ein arabisk landsby i nord i Israel. Han ligg nær Nasaret og er ein del av al-Batuf regionale kommune. I 2011 hadde han eit folketal på 1 034.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ein meiner at Rumana kan ha vore Romette, ein casuale som høyrte til Maltesarordenen i krossfarartida.[3][4]

I 1596 var Rumana oppført i osmanske skattelister som ein del av Tabariyya nahiya i Safad liwa. Han hadde eit folketal på ni hushaldningar, all muslimar. Innbyggjarane betalte skatt for kveite, bygg, frukttre, bomull, geiter og bikubar.[5]

Bibelforskaren Edward Robinson passerte landsbyen i 1852 og rekna med at det var den gamle Rimmon som høyrte til Sebulon-stamma.[6] Den franske oppdagaren Victor Guérin skildra landsbyen i 1870-åra som liten og verna frå utsida av ein samanhengande mur, og hekkar av kaktus. Han fann mange fine restar frå tidlegare tider og spekulerte i om det var den bibelske staden Rimon, som er nemnt i Josvas bok.[7] (Josva 19:13) I «Survey of Western Palestina» frå 1881 vart landsbyen (kalla Rummaneh) skildra som:

Ein liten landsby bygd av stein og busett av kring 70 muslimar. Han ligg på ein låg rygg oppom ei slette, og her finst nokre oliventre. Vassforsyninga kjem frå cisterner og ein brunn.[8]

I ei folketeljing i 1922 utført av Dei britiske mandatstyresmaktene hadde Rummaneh eit folketal på 37, der 33 var muslimar og fire kristne,[9] medan i folketeljinga i 1931 hadde Rummana 36 busette hus og eit folketal på 197 med to kristne og 195 muslimar.[10] I 1945 var folketalet 590 og det totale landområdet var 1 493 dekar, i følgje ei offisiell landmåling.[11] Av dette var 28 dekar for plantasjar og irrigert land, 796 for korn,[12] medan 5 dekar var klassifisert som utbygde område.[13]

I 1948 vart landsbyen erobra av det israelske forsvaret under Operasjon Dekel, 15-18. juli.[14] Han vart verande i unntakstilstand fram til 1966.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Palmer, 1881, s. 133
  2. Population by settlement Statistisk sentralbyrå
  3. Rey, 1883, s. 444
  4. Conder, 1890, s. 35 -6
  5. Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 188.
  6. Robinson and Smith, 1856, s. 109 ff
  7. Guérin, 1880, s. 365 ff
  8. Conder og Kitchener, 1881, vol. 1, s. 363
  9. J. B. Barron, red. (1923). Palestine: Report and General Abstracts of the Census of 1922. Government of Palestine. Table XI. 
  10. 1931 Det britiske mandatet Census. s. 75.
  11. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 63[daud lenkje]
  12. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 110[daud lenkje]
  13. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 160[daud lenkje]
  14. Morris, Benny (1987) The birth of the Palestinian refugee problem, 1947-1949. Cambridge University Press. ISBN 0-521-33028-9. s.200.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]