Rumensk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rumensk
(Română)
Klassifisering: Indoeuropeisk
 Italisk
  Romansk
   Austromansk
    Rumensk
Talarar: rumenarar
Bruk
Tala i: Flag of Romania.svg Romania
Flag of Moldova.svg Moldova
Flag of Israel.svg Israel
Flag of Serbia.svg Serbia
Flag of Ukraine.svg Ukraina
Flag of Hungary.svg Ungarn
Rumensktalande i alt: 23 500 000[1]
Skriftsystem: Det latinske alfabetet (det kyrilliske alfabetet i delar av Moldova)
Språkkodar
ISO 639-1: ro
ISO 639-3: ron
Wikipedia på rumensk

Rumensk er eit språk på den romanske greina av dei indoeuropeiske språka. Der høyrer til det undergruppa austromanske språk, som ikkje har fleirtals-s.

Rumensk blir tala som morsmål av om lag 24 millionar menneske. Dei fleste av desse bur i Romania og Moldova. Det moldaviske språket, som er offisielt språk i Moldiva, er svært likt rumensk, og kan sjåast som same språket. I den språkblanda provinsen Vojvodina i Serbia er rumensk offisielt språk saman med mellom andre serbokroatisk, ungarsk og slovakisk. Rumensk er morsmål til om lag 30 000 menneske der. Mindre språk nærskylde med rumensk blir elles tala i fleire land på Balkan.

Rumensk har tatt opp i seg mange element frå dei ikkje-rumenske grannespråka. Det mest nærskylde av større språk er italiensk. Folk med rumensk som morsmål kan for det meste skjøne enkel italiensk, medan det er sjeldnare andre vegen, da rumensk har tatt opp om lag 10 prosent slaviske ord. Attåt skil rumensk tale seg frå italiensk, da rumensk har lydar som opphavleg kjem frå slaviske språk.

Rumensk rettskriving orienterer seg like sterkt som den italienske etter den faktiske uttalen, ho har nokre særlege teikn for å kjennemerke dei lydane som kjem frå slaviske språk, og desse er ukjende for italiensk. Fram til 1800-talet skreiv dei rumensk med kyrillisk skrift, men i dag blir språket skrive med latinske bokstavar med nokre særlege teikn.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Ethnologue, 2002