Syreslekta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Rumex)
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå syre.
Syreslekta
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Nellikordenen Caryophyllales
Familie: Slireknefamilien Polygonaceae
Underfamilie: Polygonoideae
Stamme: Rumiceae
Slekt: Syreslekta Rumex
L., 1753
Engsyre (Rumex acetosa)

Syrer er ei planteslekt i slireknefamilien som omfattar rundt 200 artar som kan vera eittårige, toårige eller fleirårige (staudar) og har syrlege blad. Dei store, grove artane blir i Noreg gjerne kalla «høymole» og dei mindre «syre».

Syrene er opprettveksande plantar med kraftige pålerøter. Blada dannar ein grunnstilt rosett, mens dei få blada på dei blomstrande skota er spreidtstilde og som regel smalare. Blomane er svært små, men sit samla i store mengder i toppen av skota. Dei fleste artane inneheld oksalsyre og tannin.

I Noreg finst det 16 artar, fleire er innførte og rekna som ugras, medan andre kan etast. Engsyre og småsyre er mellom dei som kan brukast til supper og salatar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikispecies
Wikispecies
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Rumex
Commons har multimedium som gjeld: Syreslekta