Run Away

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
«Run Away»
Singel av SunStroke Project og Olia Tira
Land Moldova
Språk Engelsk
Utgjeve 2010
Sjanger Dansepop og europop
Lengd 3:00
Låtskrivar(ar) Anton Ragoza, Sergey Stepanov og Alina Galetskaya
«Run Away»
Fil:Sunstroke Project & Olia Tira, Moldova.jpg
Eurovision Song Contest 2010
Land Moldova
Artist(ar) Sergei Yalovitsky, Anton Ragoza, Sergey Stepanov og Olia Tira
Alias SunStroke Project og Olia Tira
Språk Engelsk
Komponist(ar) Anton Ragoza og Sergey Stepanov
Låtskrivar(ar) Alina Galetskaya
Resultat
Semifinalepoeng 52
Semifinaleplass 10
Finalepoeng 27
Finaleplass 22
Moldova i Eurovision Song Contest
«Hora din Moldova»
(2009)
«Run Away» «So Lucky»
(2011)

«Run Away» (engelsk for Spring vekk) var det moldovske bidraget i Eurovision Song Contest 2010, framførd av SunStroke Project og Olia Tira. Teksten er skriven på engelsk.

O melodie pentru Europa 2010[endre | endre wikiteksten]

Songen deltok i den fyrste semifinalen i O melodie pentru Europa 2010 og gjekk vidare til finalen der han vann med 24 poeng. «Run Away» fekk dimed representere Moldova i Eurovision Song Contest 2010.

Eurovision Song Contest 2010[endre | endre wikiteksten]

Songen starta som nummer éin i den fyrste semifinalen, før Russland med «Lost and Forgotten» av Peter Nalitch and Friends.

Bidraget fekk ti poeng frå Kviterussland, åtte poeng frå Portugal, sju poeng frå Malta og Makedonia, fem poeng frå Russland og Spania, fire poeng frå Hellas, tre poeng frå Frankrike, to poeng frå Belgia og eitt poeng frå Serbia. Moldova fekk til saman 52 poeng og enda på tiandeplass av totalt 17 bidrag. Dei gjekk dimed vidare til finalen. Hadde ein berre nytta telefonrøystar hadde bidraget fått 54 poeng og enda på tiandeplass og hadde ein berre nytta juryrøystar hadde bidraget fått 42 poeng og enda på 13. plass.

Songen starta som nummer fire i finalen, etter Noreg med «My Heart Is Yours» av Didrik Solli-Tangen og før Kypros med «Life Looks Better in Spring» av Jon Lilygreen og The Islanders.

Bidraget fekk ti poeng frå Romania, seks poeng frå Aserbajdsjan og Portugal, fire poeng frå Kviterussland og eitt poeng frå Georgia. Moldova fekk til saman 27 poeng og enda på 22. plass av totalt 25 bidrag. Hadde ein berre nytta telefonrøystar hadde bidraget fått 28 poeng og enda på 18. plass og hadde ein berre nytta juryrøystar hadde bidraget fått 33 poeng og enda på 23. plass.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]