Run Runaway

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Run Runaway
Singel av Slade
frå albumet The Amazing Kamikaze Syndrome & Keep Your Hands Off My Power Supply
B-side
    • «Two Track Stereo One Track Mind»
    • «Don't Tame a Hurricane» (US/Canada)
Språk engelsk
Utgjeve
    • 13. januar 1984
    • Mars 1984 (USA/Canada)
Sjanger
Lengd
    • 3:42 (singel)
    • 5:00 (album)
    • 5:26 (12"-versjonen)
Selskap
Komponist Noddy Holder, Jim Lea
Tekstforfattar Noddy Holder, Jim Lea
Låtskrivar(ar)
Produsent
Slade-kronologi 
«My Oh My»
(1983)
Run Runaway «Slam the Hammer Down»
(1984)


«Run Runaway» er ein song av det britiske rockebandet Slade, gjeven ut i 1984 som den tredje singelen frå det ellevte studioalbumet deira, The Amazing Kamikaze Syndrome, og som den første singlen frå den amerikanske utgåva av albumet, Keep Your Hands Off My Power Supply. Songen var skriven av solovokalisten Noddy Holder og bassisten Jim Lea, og produsert av John Punter. Han nådde sjuandeplassen i Storbritannia og vart gjennombrotshitten deira i Amerika der han nådde 20. plassen.[2][3]

Songen gjekk òg til topps på Billboard Top Tracks-lista.[4]

B-sida til singelen var «Two Track Stereo, One Track Mind», som var eksklusiv for singelen og som seinare kom ut på samlealbumet B-Sides. På CBS-utgåva av singelen var B-sida «Don't Tame a Hurricane», som vart eit albumspor på Keep Your Hands Off My Power Supply. Ein 12"-vinyl kom ut i Storbritannia og Tyskland, med ein lengre versjon av «Run Runaway» på A-sida.[5]

Det vart laga ein musikkvideo for songen, regissert av Tim Pope for GLO Productions. Han vart filma i Eastnor Castle i Ledbury i Herefordshire. Videoen syner bandet som framfører songen føre eit publikum kledd i tartan. Videoen inneheld òg klipp av eit marsjerande sekkepipeband. Videoen vart ein stor suksess i Amerika og vart ofte vist på MTV.[6]

Format[endre | endre wikiteksten]

7"-singel (RCA-utgåve)
  1. «Run Runaway» - 3:43
  2. «Two Track Stereo, One Track Mind» - 2:54
7"-singel (CBS-utgåve)
  1. «Run Runaway» - 3:43
  2. «Don't Tame a Hurricane» - 2:33
7"-singel (CBS-promo)
  1. «Run Runaway» - 3:43
  2. «Run Runaway» - 3:43
12"-singel (Britisk/tysk utgåve)
  1. «Run Runaway» - 5:26
  2. «Two Track Stereo, One Track Mind» - 2:52
12"-singel (CBS-promo)
  1. «Run Runaway» - 4:59
  2. «My Oh My» - 4:11

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1984) Plassering
Australia (Kent Music Report)[7] 17
Den belgiske singellista[8] 33
Den kanadiske singellista[9] 13
Den tyske singellista[10] 19
Den islandske singellista (RÚV)[11] 1
Irish Singles Chart[12] 8
New Zealand Singles Chart[13] 21
Den norske VG-lista[14] 7
Den polske singellista 6
Den svenske singellista[15] 4
UK Singles Chart[2] 7
U.S. Billboard Hot 100[16] 20
U.S. Album Rock Tracks[17] 1

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1984) Plassering
Australian Singles Chart 69
Canadian Singles Chart 84

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

  • I 1986 gav den tsjekkiske songaren Petra Janů ut ein tsjekkiskspråkleg coverversjon med tittelen «My Chceme gól» ('Me vil ha mål'), med ny fotballbasert tekst.
  • I 1990 gav Eurodance-gruppa Dominoo ut ein EP med fire forskjellige versjonar av songen.
  • I 1993 spelte det polske bandet Acid Drinkers inn ein versjon på albumet Fishdick.
  • I 1995 spelte det kanadiske bandet Great Big Sea inn ein versjon av songen på albumet Up.
  • I 1995 brukte det kanadiske bandet Captain Tractor melodien og refrenget i songen «Lord of the Dance» på albumet East of Edson.
  • I 2001 spelte Bart Foley inn ein versjon av songen for samlinga Slade Remade: A Tribute to Slade.
  • I 2001 gav Off Kilter ut ein versjon av songen på albumet Etched in Stone.
  • I 2007 spelte den svensken techno-country-gruppa Rednex inn ein versjon av songen.
  • I 2007 spelte det keltiske rockebandet Prydein inn ein versjon av songen på albumet Loud Pipes.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Slade
  • Noddy Holder - solovokal, rytmegitar
  • Jim Lea - elektrisk fiolin, bass, korvokal, produsent på «Two Track Stereo, One Track Mind» og «Don't Tame a Hurricane»
  • Dave Hill - sologitar, korvokal
  • Don Powell - trommer
Andre medverkande
  • John Punter - produsent på «Run Runaway»
  • Mike Nocito, Pete Schwier - lydteknikarar på «Run Runaway»
  • Shoot That Tiger! - design
  • Andrew Christian - kunstnarisk leiar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Masley, Ed (8. juli 2014). «Best '80s pop-metal songs, from Def Leppard to Poison». The Arizona Republic (på engelsk). Henta 15. mars 2021. 
  2. 2,0 2,1 «SLADE | full Official Chart History | Official Charts Company». officialcharts.com. Henta 18. oktober 2021. 
  3. «Slade - Chart history». Billboard. Henta 18. oktober 2021. 
  4. Whitburn, Joel (2004). The Billboard Book of Top 40 Hits, 8th Edition (Billboard Publications), page 579.
  5. «Slade - Run Runaway (Vinyl) at Discogs». Discogs.com. Henta 18. oktober 2021. 
  6. «1986 - Slade Fan Club www.sladefanclub.com». Sladefanclub.com. Henta 19. oktober 2021. 
  7. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 277. ISBN 0-646-11917-6. 
  8. «ultratop.be - Slade - Run Runaway». ultratop.be. Henta 18. oktober 2021. 
  9. «Results - RPM - Library and Archives Canada». Collectionscanada.gc.ca. Henta 14. oktober 2021. 
  10. musicline.de / PhonoNet GmbH. «Die ganze Musik im Internet: Charts, News, Neuerscheinungen, Tickets, Genres, Genresuche, Genrelexikon, Künstler-Suche, Musik-Suche, Track-Suche, Ticket-Suche». musicline.de. Arkivert frå originalen 19. desember 2013. Henta 14. oktober 2021. 
  11. «Slade | Rц V». Ruv.is. 21. mars 2016. Henta 15. mars 2018. 
  12. Jaclyn Ward. «The Irish Charts - All there is to know». Irishcharts.ie. Henta 14. oktober 2021. 
  13. Steffen Hung. «Slade - Run Runaway». charts.nz. Henta 14. oktober 2021. 
  14. Steffen Hung. «Slade - Run Runaway». norwegiancharts.com. Henta 14. oktober 2021. 
  15. Steffen Hung. «Slade - Run Runaway». swedishcharts.com. Henta 14. oktober 2021. 
  16. https://www.billboard.com/music/slade/chart-history/hot-100
  17. Whitburn, Joel (2008). Joel Whitburn Presents Rock Tracks 1981–2008. Hal Leonard Pub Co. ISBN 978-0-89820-174-1.