Run to the Hills

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Run to the Hills
Singel av Iron Maiden
frå albumet The Number of the Beast
B-side

1982
«Total Eclipse»
1985
«Phantom of the Opera» (live) (7" & 12")
«Losfer Words (Big 'Orra)» (live) (12")
2002
Part 1
«22 Acacia Avenue (live)»
«The Prisoner (live)»
«Run to the Hills
(Camp Chaos video)»
Part 2
«Children of the Damned (live)»
«Total Eclipse (live)»
«Run to the Hills (video)»

Språk engelsk
Utgjeve 12. februar 1982
2. desember 1985
11. mars 2002
Innspelt Januar 1982
20. mars 1982
28. august 1982
8–12. oktober 1984
14.-17. mars 1985
19. januar 2001
Sjanger Heavy metal
Lengd 3:51
Selskap EMI
Tekstforfattar Steve Harris
Låtskrivar(ar) Steve Harris
Produsent Martin Birch
Iron Maiden-kronologi 
«Purgatory»
(1981)
Run to the Hills «The Number of the Beast»
(1982)
-kronologi
«Running Free (live)»
(1985)
«Out of the Silent Planet»
(2000)
Run to the Hills «Wasted Years»
(1986)
«Wildest Dreams»
(2003)


«Run to the Hills» er ein song av det engelske heavy metal-bandet Iron Maiden. Han vart gjeven ut som den sjette singelen deira og den første frå det tredje studioalbumet deira, The Number of the Beast (1982). Songen er berre tilskriven bassisten Steve Harris, men vokalisten Bruce Dickinson skal ha kome med mange bidrag til songen. Det er ein av dei mest populære songane til bandet, og VH1 rangerte han som den 27. plassen på lista si over dei 40 beste metal-songane[1] og 14. plassen på lista si over dei beste hardrocksongane.[2]

Ein konsertversjon av songen, frå Live After Death, vart gjeven ut i 1985 og den originale singelen kom ut på ny i 2002, der alle inntektene gjekk til den tidlegare trommeslagaren Clive Burr sitt MS-fond. I 1990 vart både den originale singelen og konsertsingelen frå 1985 gjeven ut i plateboksen The First Ten Years, både på CD og 12" vinyl, i lag med singelen «The Number of the Beast» og «Running Free (live)».

Komposisjon[endre | endre wikiteksten]

På grunn av kontraktsårsaker knytt til det førre bandet sitt, Samson, kunne ikkje Dickinson tilskrivast som låtskrivar på nokre av songane han skreiv for The Number of the Beast.[3] Sjølv om bassisten Steve Harris aleine står oppført som låtskrivar, har Dickinson sagt at han kom med «moralske bidrag» til songen, i tillegg til «Children of the Damned» og «The Prisoner» frå same albumet.[4] På ein konferanse i IBM Smarter Business i Stockholm den 10. oktober 2012, fortalte Dickinson at delar av songen er basert på «stigande sekstar», inspirert av ein dokumentarfilm han såg om kvifor «My Way» var ein av dei mest populære songane gjennom tidene.[5]

Tema[endre | endre wikiteksten]

Songen dokumenterer konfliktane mellom europeiske nybyggjarar i Den nye verda og indianarar i kolonitida og den seinare ekspansjonen vestover.[6][7] Songen er skriven frå begge perspektiv,[8] og dekkjer synspunktet til indianarane i det første verset og europearane i resten av songen.[9]

Original singel frå 1982[endre | endre wikiteksten]

Songen vart gjeven ut på singel 12. februar 1982, kring fem veker før albumet kom ut 22. mars 1982.[10] Singelen markerte debututgjevinga til den nye vokalisten Bruce Dickinson med Iron Maiden. «Total Eclipse» vart vald ut som B-side føre «Gangland», som kom ut på den originale utgåva av albumet.[11] Bandet angra seinare på denne avgjersla, og Steve Harris sa «Me valde feil song som B-side. Eg trur at om «Total Eclipse» hadde vore på albumet i staden for «Gangland», hadde det gjort det langt betre.»[11] Songen vart lagt til The Number of the Beast då det vart nymastra i 1998, og var òg med på den originale, japanske versjonen.

Plateomslaget til singelen er det andre av tre der Derek Riggs teikna Satan, som først vart avbilda på «Purgatory» og seinare på «The Number of the Beast». I følgje Riggs var ideen bak «Run to the Hills»-omslaget basert på ideen om ein «maktkamp i helvete», der bandmaskoten Eddie kjempa mot Satan med ein tomahawk (ein referanse til temaet i songen).[12]

Andre utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

I 1985 kom eit konsertopptak av «Run to the Hills», teken frå Live After Death, ut på den 13. singelen til bandet, i lag med konsertversjonar av «Phantom of the Opera» og «Losfer Words (Big 'Orra)» som B-sider. I følgje Riggs vart ha beden om å måle eit omslag basert på både «Run to the Hills» og «Phantom of the Opera» så omslaget syner Eddie og fantomet i eit åslandskap.[13]

Etter det vart kjent at den tidlegare trommeslagaren deira, Clive Burr, hadde multippel sklerose, vart «Run to the Hills» gjeve ut att i 2002 for å hente inn pengar til det nyoppretta Clive Burr MS Trust Fund.[14] Det vart gjeve ut to variantar, ein med den originale studioversjonen og eit konsertopptak frå Rock in Rio-konserten med forskjellige B-sider.[15]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Ein versjon av songen finst på hyllestalbumet Numbers from the Beast med Robin McAuley på vokal, Michael Schenker og Pete Fletcher på gitarar, Tony Franklin på bass og Brian Tichy (Derek Sherinian, B'z) på trommer.[16][17] Den kvinnelege hyllestbandet The Iron Maidens spelte inn songen på debutalbumet World's Only Female Tribute to Iron Maiden i 2005.[18] Tidlegare Babes in Toyland-songaren og gitaristen Kat Bjelland sitt Katastrophy Wife spelte inn songen på EPen Heart On EP i 2007.[19] Songen vart spelt i 2008 av Sign på plata Maiden Heaven: A Tribute to Iron Maiden som vart gjeve ut av magasinet Kerrang!.[20] Det svenske lounge metal-bandet Hellsongs spelte ein versjon av songen i 2008 på albumet Hymns in the Key of 666.[21] I 2009 song den seinare svenske Idol-vinnaren frå 2009, Erik Grönwall, songen under sendingane og gav han ut på singel same året. Singelen nådde 23. plassen på Sverigetopplistan.[22] Det progressive metabandet Dream Theater spelte songen på konsertar, i lag med resten av The Number Of The Beast og gav han ut som ei «offisiell piratkopiplate» i 2006.[23]

Songen er nytta i fleire videospel, som SSX on Tour (2005) som kjenningsmelodi,[24] og Grand Theft Auto: The Lost and Damned (2009).[25] I tillegg vart ein versjon nytta i Rock Band (2007), der han hadde vanskelegheitsgraden 'Impossible' eller «umogeleg»,[26] medan den originale versjonen var tilgjengeleg for nedlasting i juni 2009.[27]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

1982 7" britisk singel (UK: EMI 5263, UK: EMIP 5263 [biletplate], Tyskland: EMI 1A 006-07604, Nederland: EMI 1A 006-07604)

1982 12" britisk singel (Europa: EMI 1C K 052-07 604 Z)

1990 CD-singel

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Run to the Hills»Steve Harris3:51
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Total Eclipse»Dave Murray, Harris, Clive Burr4:24

1985 7" & 12" UK live-singel (7" - UK: EMI EMI 5542)

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Run to the Hills» (konsertopptak frå Long Beach Arena, California 14.-17. mars 1985)Harris4:03
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Phantom of the Opera» (konsertopptak frå Hammersmith Odeon, London 8.-12. oktober 1984)Harris7:27

1985 12" UK live-singel & 1990 CD live-singel (12" - UK: EMI 12EMI 5542, UK: 12EMIP 5542 [biletplate])

Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
2.«Losfer Words (Big 'Orra)» (konsertopptak frå Hammersmith Odeon, London 8.-12. oktober 1984)Harris4:14

2002 utvida CD & avgrensa 7"-singel[endre | endre wikiteksten]

7" raud vinylsingel (Europa: EMI EM 612)

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Run to the Hills»Harris3:51
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Total Eclipse» (konsertopptak frå Hammersmith Odeon, London 20. mars 1982)Burr, Harris, Murray4:24

Utvida CD Part I (UK: EMI CDEM 612/7243 5 50623 0 7)

Denne versjonen inneheld eit konsertopptak av songen frå konsertalbumet Rock in Rio, medan B-sidene vart spelte inn i Hammersmith Odeon i London den 20. mars 1982. Videoen er òg opptak frå konserten i Rio.[15]
CD
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Run to the Hills» (konsertopptak frå Rock in Rio, Rio de Janeiro i Brasil, 19. januar 2001)Harris5:00
2.«Children of the Damned» (konsertopptak frå Hammersmith Odeon, London 20. mars 1982)Smith, Harris4:34
3.«Total Eclipse» (konsertopptak frå Hammersmith Odeon, London 20. mars 1982)Murray, Harris, Burr3:59
4.«Run to the Hills» (live video)Harris 

Utvida CD Part II (UK: EMI CDEMS 612/7243 5 50624 0 6)

Denne versjonen inneheld studioversjonen av «Run to the Hills», medan B-sidene er konsertopptak frå Reading Festival den 28. august 1982. Han inneheld òg Camp Chaos-versjonen av «Run to the Hills».[15]
CD
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Run to the Hills»Harris3:56
2.«22 Acacia Avenue» (konsertopptak frå the Reading Festival, Little Johns Farm, England 28 August 1982)Harris, Adrian Smith6:34
3.«The Prisoner» (konsertopptak frå the Reading Festival, Little Johns Farm, England 28 August 1982)Harris, Smith5:56
4.«Run to the Hills» (Camp Chaos video)HarrisUnknown

Utvida CD europeisk utgåve (7243 5 50704 0 1)

Denne versjonen vart gjeve ut på det europeiske fastlandet, og inneheld fem spor frå dei to britiske utgåvene over.
CD
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Run to the Hills» (konsertopptak frå Rock in Rio, Rio de Janeiro i Brasil 19. januar 2001)Harris5:01
2.«Run to the Hills»Harris3:54
3.«The Prisoner» (konsertopptak frå the Reading Festival, Little Johns Farm, England 28 August 1982)Harris, Smith5:56
4.«Children of the Damned» (konsertopptak frå the Hammersmith Odeon, London 20. mars 1982)Smith, Harris4:34
5.«Run to the Hills» (live video)HarrisUnknown

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Studiosingel frå 1982[endre | endre wikiteksten]

Frå omslaget til 7"-singelen.[28]

Produksjon

Livesingel frå 1985[endre | endre wikiteksten]

Frå 7"-[29] og 12"-singelomslaget.[30]

Iron Maiden
  • Bruce Dickinson – solovokal
  • Steve Harris – bass, korvokal
  • Dave Murray – sologitar
  • Adrian Smith – rytmegitar, korvokal
  • Nicko McBrain – trommer
Produksjon
  • Martin Birch – produsent, lydteknikar, miksing
  • Derek Riggs – illustrasjon

Singelen frå 2002[endre | endre wikiteksten]

  • Bruce Dickinson – solovokal
  • Steve Harris – bass, korvokal
  • Dave Murray – sologitar
  • Adrian Smith – rytmegitar, korvokal
  • Janick Gers – rytmegitar
  • Nicko McBrain – trommer

Lister[endre | endre wikiteksten]

Singel Liste (1982) Plassering Album
«Run to the Hills» Irish Singles Chart 16[31] The Number of the Beast
UK Singles Chart 7[32]
Singel Liste (1985) Plassering Album
«Run to the Hills (Live)» Irish Singles Chart 18[31] Live After Death
UK Singles Chart 26[33]
Singel Liste (1990) Plassering Album
«Run to the Hills / The Number of the Beast» UK Albums Chart[merk 1] 3[34]
«Running Free (Live) / Run to the Hills (Live)» 9[35]
Singel Liste (2002) Plassering Album
«Run to the Hills (Live)» Canadian Singles Chart 11[36] Rock in Rio
Den nederlandske singellista 60[37]
Den finske singellista 5[38]
Den franske singellista 73[39]
Den tyske singellista 55[40]
Irish Singles Chart 38[41]
Den italienske singellista 6[42]
VG-lista i Noreg 15[43]
Sverigetopplistan 28[44]
Den sveitisiske singellista 75[45]
UK Singles Chart 9[32]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Re-release of all four singles as part of The First Ten Years. Strekte seg over tidsgrensa til UK Singles chart.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «VH1 40 Greatest Metal Songs», 1–4 May 2006, VH1 Channel, reported by VH1.com Arkivert 2009-02-26 ved Wayback Machine.. Henta 23. august 2016.
  2. «spreadit.org music». VH1. Henta 7 February 2009. 
  3. Shooman, Joe (2007). Bruce Dickinson: Flashing Metal with Iron Maiden and Flying Solo. Independent Music Press. ISBN 0-9552822-4-1. 
  4. «A Conversation with Bruce Dickinson». Book of Hours. 28 April 1996. Arkivert frå originalen 9. januar 2015. Henta 23. august 2016. 
  5. Hartmann, Graham (11 October 2012). «Iron Maiden’s Bruce Dickinson Reveals the Musical Secret Behind ‘Run to the Hills’». Loudwire. Henta 23. august 2016. 
  6. Huey, Steve. «Review: The Number of the Beast». AllMusic. Rovi Corporation. Henta 23. august 2016. 
  7. Doran, John (2005). «Devil Incarnate». Metal Hammer presents: Iron Maiden 30 Years of Metal Mayhem (Future Publishing): 140–141. 
  8. Bushell, Garry; Halfin, Ross (1985). Running Free, The Official Story of Iron Maiden (2nd utg.). Zomba Books. s. 101. ISBN 0-946391-84-X. 
  9. Stagno, Mike (17 July 2006). «Review: Iron Maiden – The Number of the Beast». Sputnikmusic. Henta 23. august 2016. 
  10. Wall, Mick (2004). Iron Maiden: Run to the Hills, the Authorised Biography (3rd ed.). Sanctuary Publishing. s. 226. ISBN 1-86074-542-3. 
  11. 11,0 11,1 Wall, Mick (2004). Iron Maiden: Run to the Hills, the Authorised Biography (3rd ed.). Sanctuary Publishing. s. 225. ISBN 1-86074-542-3. 
  12. «'Run to the Hills'- Riggs Commentary». Derek Riggs. Arkivert frå originalen 13. august 2011. Henta 23. august 2016. 
  13. «'Run to the Hills (live)'- Riggs Commentary». Derek Riggs. Arkivert frå originalen 8. august 2011. Henta 23. august 2016. 
  14. Wall, Mick (2004). Iron Maiden: Run to the Hills, the Authorised Biography (3rd ed.). Sanctuary Publishing. s. 361. ISBN 1-86074-542-3. 
  15. 15,0 15,1 15,2 «Iron Maiden Benefit Single Details Revealed». Blabbermouth.net. 15 April 2009. Henta 23. august 2016. [daud lenkje]
  16. «Iron Maiden: Numbers From The Beast All-Star Tribute Album Due In October». Blabbermouth.net. 27 September 2005. Henta 22. august 2016. 
  17. «Michael Schenker Covers Iron Maiden, Rush, Black Sabbath On New Album». Brave Words & Bloody Knuckles. 16 May 2011. Henta 23. august 2016. 
  18. «The Iron Maidens- The Iron Maidens». AllMusic. Rovi Corporation. Henta 23. august 2016. 
  19. Bann, Chantel (3 May 2007). «Katastrophy Wife's KatBjelland gets her Heart-On». Fasterlouder. Arkivert frå originalen 13. august 2011. Henta 23. august 2016. 
  20. «Maiden Heaven Track Listing Revealed!». Kerrang!. 25 June 2008. Henta 9 November 2010. 
  21. Quinn, Michael (7 August 2008). «Hellsongs: Hymns In The Key of 666». BBC Music. Henta 23. august 2016. 
  22. «Swedish Top 60 Singles Chart 1 January 2010». Sverigetopplistan. 
  23. «Dream Theater – Official Bootleg: The Number of the Beast». Amazon.com. Henta 22. august 2016. 
  24. «SSX On Tour». Cheat Code Central. Henta 23. august 2016. 
  25. «The Lost and Damned soundtrack». Rockstar Games. Arkivert frå originalen 29. juni 2017. Henta 23. august 2016. 
  26. «'Run to the Hills' by Iron Maiden (cover version)». Rock Band. Henta 23. august 2016. 
  27. «Iron Maiden – All Songs by Artist». Rock Band. Henta 23. august 2016. 
  28. «Run to the Hills» 7 Inch Single. Iron Maiden. EMI. 12 February 1982. 
  29. «Run to the Hills live» 7 Inch Single. Iron Maiden. EMI. 2 December 1985. 
  30. «Run to the Hills live» 12 Inch Single. Iron Maiden. EMI. 2 December 1985. 
  31. 31,0 31,1 «Search the charts». Irish Singles Chart. IRMA. Henta 3 October 2008. 
  32. 32,0 32,1 «iron Maiden – Artist Chart History». Official Charts Company. Henta 22. august 2016. 
  33. «1985 Top 40 Official UK Singles Archive 21 December 1985». Official Charts Company. Henta 23. august 2016. 
  34. «1990 Top 40 Official UK Albums Archive 17 March 1990». Official Charts Company. Henta 22. august 2016. 
  35. «1990 Top 40 Official UK Albums Archive 7 April 1990». Official Charts Company. Henta 23. august 2016. 
  36. «Iron Maiden, Billboard Albums». AllMusic. Rovi Corporation. Henta 22. august 2016. 
  37. «Discografie Iron Maiden» (på nederlandsk). MegaCharts. Henta 22. august 2016. 
  38. «Diskografi Iron Maiden». Musiikkituottajat – IFPI Finland. Finnishcharts.com. Henta 22. august 2016. 
  39. «Discographie Singles Iron Maiden». SNEP (på French). Lescharts.com. Henta 22. august 2016. 
  40. «Iron Maiden Single-Chartverfolgung». Media Control Charts (på tysk). Musicline.de. Arkivert frå originalen 17. oktober 2012. Henta 22. august 2016. 
  41. «Diskografi Singles Iron Maiden». IRMA. Irish-charts.com. Henta 22. august 2016. 
  42. «Iron Maiden songs». FIMI. Italiancharts.com. Henta 22. august 2016. 
  43. «Diskografi Iron Maiden». VG-lista. Norwegiancharts.com. Henta 22. august 2016. 
  44. «Diskografi Iron Maiden». Sverigetopplistan. Swedishcharts.com. Henta 22. august 2016. 
  45. «Iron Maiden – 'Run to the Hills' (live)». Swiss Hitparade. swisscharts.com. Henta 22. august 2016. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]