Runa Førde
Utsjånad
| Runa Førde | |
| Statsborgarskap | Noreg |
| Fødd | 24. februar 1933 Oslo |
| Død |
28. juli 2017 (84 år) |
| Yrke | illustratør, kunstmålar, grafikar |
Runa Karin Førde (24. februar 1933–28. juli 2017) var ein norsk målar, grafikar og illustratør.[1]
Førde blei fødd i Oslo. Ho utdanna seg ved Statens Håndverks- og Kunstindustriskole (1949–1953) og Statens kunstakademi (1953–1957). Ho debuterte som illustratør allereie i 1945 med teikningar til Ragna Breda si bok Lisemor i krig og fred. Ho illustrerte fleire bøker, særleg barne- og lesebøker, og vekte merksemd med skildringane sine av kvardagslivet i Kina i samtida. Ho hadde elles utsmykkingsoppdrag, mellom anna for Gimsøy skule i Skien, og deltok på ei lang rekkje utstillingar. Runa Førde er innkjøpt av mellom anna Nasjonalgalleriet i Oslo.
Runa Førde budde i Stokke kommune i Vestfold.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Nekrolog: Runa Førde». Aftenposten. 3. august 2017.
- Denne artikkelen bygger på «Runa Førde» frå Wikipedia på bokmål, den 17. juni 2024.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- CV for Runa Førde hjå Kunstnernes informasjonskontor (arkivert nettside)