Rundballpakkar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein buksert rundballpakkar med eigen lastingsfunksjon (høgre side) ocg ein strekkfilmhaldar.
Ein boren rundballpakkar med ein sveipande strekkfilmhaldar.

Ein rundballpakkar er ein jordbruksmaskin som vert brukt til å forsegle gras i rundballar slik at oksygenet i lufta ikkje kjem til. Ein strekkfilm av plast vert linda rundt i fleire lag slik at ballen kan lagrast utandørs året rundt. Fleire fargar vert brukt i plasten, oftast kvitt, i blant grønt. I nordiske land vert ballane plastra på alle sider slik at dei ikkje treng ligge saman for å halde forseglinga tett.

Rundballpakkarar vert brukte både til rundballar og storballar, dei kan lagast for begge typane.

Sams for alle rundballpakkarar er at dei har to tromlar som ballen ligg på, desse roterer sakte så heile ballen får plast, då plastrullen aldri flyttar seg i høgda. Der finst to andre typar, der tromlane roterer rundt ein vertikal aksel og plastrullen er heilt stasjonær, eller så vert det brukt ei sveiparm som flyttar seg rundt ballen i horisontalplanet medan ballen vert plastra inn. Rundballpakkarane kan berast bak på traktoren eller i frontlastaren. Rundballpakkaren kan vere slik at han lastar seg sjølv, eller krevje at lastinga vert gjort av ei anna maskin, som ein traktor med frontlastar og ballgrep. Det førekjem også at det er to sveiparmar og to strekkfilmrullar som vert brukt på same tid for å gjennomføre innplastringa raskare. Alle roterings- og lastingsmekanismar vert drivne av traktoren sin arbeidshydraulikk, ikkje av kraftuttaket.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]